Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva er verb?

Repeter grunnleggande fagomgrep som du treng for å snakke om verb.

Definisjon

Verb er ord som fortel kva vi gjer eller hva som hender. Verb uttrykker ei handling, ein prosess (ei endring) eller ein tilstand:

  • Vi snakkar. Wir sprechen. (Handling, nokon gjer noko.)

  • Eg vaknar. Ich wache auf. (Prosess, noko endrar seg.)

  • Barnet søv. Das Kind schläft. (Tilstand som varer ei viss tid.)

Øving 1: Kva slags verb?

Infinitiv

Grunnforma av verbet kallar vi infinitiv. Det er denne forma du må søke på når du bruker ordbok.

I tysk har infinitiven endinga -en (av og til -n). Tar vi bort endinga, står vi att med verbstammen: geh-en, hör-en, könn-en.

Infinitivsmerket

Framfor infinitiven kan vi sette infinitivsmerket å, på tysk zu: å gå – zu gehen, å høyre – zu hören, å kunne – zu können.

Infinitivsforma står ofte saman med eit anna verb: Du må gå. Du musst gehen.

Øving 2: Infinitiv

Tidsbøying

Verb blir bøygde i tid og har ulike former som uttrykker notid, fortid og framtid:

  • Han speler. Er spielt. (nåtid)

  • Han spelte. Er spielte. (fortid)

  • Han har spelt. Er hat gespielt. (fortid)

  • Han kjem til å spele. Han skal spele. Er wird spielen. (framtid)

Øving 3: Kva tidsform står det utheva verbet i?

Personbøying

I tillegg til tidsbøying har tyske verb personbøying. Det vil seie at verbendinga viser kven det er som utfører handlinga:

  • ich höre, du hörst, sie hört

Personbøying kjenner du også frå engelsk:

  • I hear, you hear, she hears

  • I am, you are, he is

Første, andre og tredje person

Vi bruker fagomgrepa første, andre og tredje person når vi snakkar om person i grammatikk-samanheng:

Person

Forklaring

Eintal

Fleirtal

1. person

den eller dei som snakkar

ich (eg)

wir (vi)

2. person

den eller dei som blir snakka til

du (du)

ihr (de)

3. person

den eller dei som blir snakka om

er, sie, es (han, ho, det)

sie (dei)

Talbøying

Tyske verb får dessutan ulik ending avhengig av om det er éin eller fleire som gjer noko. Vi seier at tyske verb blir bøygde i tal:

  • ich höre – wir hören; du hörst – ihr hört; er hört – sie hören

  • eg høyrer – vi høyrer; du høyrer – de høyrer; han høyrer – dei høyrer

Øving 3: Bøying av verb i norsk

Sjå på dei norske eksempelsetningane på denne sida og finn ut om norske verb har tidsbøying, personbøying og talbøying.

Svar
  • Norske verb har tidsbøying. Dei har ulike former som uttrykker notid, fortid og framtid: eg høyrer, eg høyrde, eg skal høyre.
  • Norske verb har ikkje personbøying eller talbøying. Verbet har alltid same form, uavhengig av om subjektet står i første, andre eller tredje person, og uavhengig av om det er ein eller fleire som handlar: eg høyrer, du høyrer, vi høyrer osv.

Å bøye a verbo

Når vi seier at vi bøyer a verbo, meiner vi at vi nemner dei fire hovudformene, slik som dei er førte opp i tabellen nedanfor. Du er sikkert kjent med tilsvarande oversikter frå lærebøker i engelsk og andre framandspråk. Kan du desse fire hovudformene, har du all informasjonen du treng for å bøye verbet i alle tider. Då sparer du mykje tid når du skriv, og du unngår feil når du snakkar tysk.

Infinitiv

Presens

Preteritum

Presens perfektum

(zu) singen

(er, sie, es) singt

(er, sie, es) sang

(er, sie, es) hat gesungen

(zu) schreiben

(er, sie, es) schreibt

(er, sie, es) schrieb

(er, sie, es) hat geschrieben

Finitte og infinitte verbformer

Du veit no at tyske verb blir bøygde i person, tal og tid, og at norske verb har tidsbøying. Verbformer med bøyingsending kallar vi med eit faguttrykk for finitte verbformer. Ei setning inneheld alltid eitt finitt verb.

Infinitte verbformer er former utan bøyingsending. Det vil seie at dei har berre éi form. Dei infinitte verbformene er infinitiv og perfektum partisipp.

  • Infinitiv: Ich muss lernen. Du musst lernen. Wir müssen lernen.

  • Perfektum partisipp: Ich habe gelernt. Du hast gelernt. Wir haben gelernt.

Øving 4: Sjekk kva du hugsar!

  1. Kva slags ord er verb?
  2. Kva kallar vi grunnforma av verbet?
  3. Korleis får vi stammen av eit verb? Bruk verbet kaufen som eksempel.
  4. Forklar skilnaden mellom finitte og infinitte verbformer.
  5. Kva meiner vi med første, andre og tredje person?
  6. Både norske og tyske verb blir bøygde i tid. Kva vil det seie?
  7. Kva for former av verbet listar vi opp når vi bøyer a verbo?

Svar (Prøv å svare på eiga hand før du kikkar!)
  1. Ord som beskriv ei handling, ein prosess eller ein tilstand
  2. Infinitiv
  3. Vi tar infinitiven og fjernar infinitivsendinga -en.
  4. finitt = med bøyingsending, infinitt = ubøygd, alltid same form
  5. første person = den som snakkar, andre person = den vi snakkar til, tredje person = den vi snakkar om
  6. Dei får endingar som viser person, tal og tid.
  7. Infinitiv – tredje person eintal presens – tredje person eintal preteritum – tredje person eintal presens perfektum
CC BY-SASkrive av Anna Maria Holvik.
Sist fagleg oppdatert 05.09.2019

Læringsressursar

Generelt om verb