Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Einstieg auf Norwegisch

Intro på norsk til spelefilmen Die Welle og til tematikken i filmen. Dette er eit alternativ til den tyskspråklige introen, med andre oppgåver.

Om filmen

Die Welle er ein tysk spelefilm frå 2008, regissert av Dennis Gansel. Filmen er ein moderne versjon av Alex Grasshoffs film The Wave frå 1981. Begge filmane er baserte på historielærar Ron Jones' omstridde sosiale eksperiment "The Third Wave" som fann stad i ein historieklasse i California i 1967.

Filmen viser korleis førestillingar om "dei andre" blir skapte, og kva konsekvensar det kan få når vi stemplar enkeltpersonar og grupper som forskjellige og som ein trussel mot vårt eige fellesskap.

1 Førsteinntrykket av lærar og elevar i filmen

Rainer Wenger er lærar på ein vanleg tysk vidaregåande skule og skal ha temaveke i historie med ei gruppe elevar. Han må undervise i temaet autokrati og har i grunnen ikkje særleg lyst til det. Autokrati er ei styreform der ein sterk leiar eller ei lita gruppe har nesten uavgrensa makt.

Sjå filmklippet nedanfor (3 min) og snakk med ein medelev.

  1. Beskriv inntrykket de får av læraren og av elevane. Kva seier omgangstonen og åtferda om dei enkelte personane og om forholdet lærar–elev?

  2. Kvifor vil elevane (ikkje) jobbe med temaet?

2 Inkludering og ekskludering

Wenger startar eit eksperiment for å vise elevane kva autokrati er. Han er derfor oppteken av å opprette disiplin og bygge opp ei fellesskapskjensle i klassen.

Sjå filmklippet nedanfor (3 min) og snakk med ein medelev.

  1. På tavla står det to slagord: "Macht durch Disziplin" og "Macht durch Gemeinschaft". Kva betyr dei? Omsett dei til norsk.

  2. Samanlikn åtferda til elevane med måten dei oppførte seg på i starten av prosjektveka. Kva har forandra seg?

  3. Elev Karo er ikkje begeistra for eksperimentet. Korleis reagerer medelevane på at ho ikkje vil gjere som alle andre?

  4. Sjå nøye på korleis Wenger behandlar elevane. Kva gjer og seier han for å inkludere (og ekskludere) dei? Oppfører han seg greitt overfor alle?

  5. Rørsla får namnet "Die Welle", eller "Bølga" på norsk. Kva særmerker ei bølge? Kva assosiasjonar får de når de høyrer ordet?

  6. Korleis trur de at de sjølv ville reagert dersom læraren gjennomførte eit slikt eksperiment i klassen dykkar?

3 Viktige omgrep

Øv på nokre sentrale omgrep til temaet styresett og makt – først på norsk, såg på tysk.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal og Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 06.06.2023

Læringsressursar

Die Welle