Hopp til innhald

Fagstoff

Lærarrettleiing

Oversikt over undervisningsopplegget til filmen Ballon.
Dekorbilde som viser ein liten bokstapel med eit eple på toppen. Blå bakgrunn. Foto.

Undervisningsopplegget

  • Vi har laga forslag til oppgåver og aktivitetar rundt filmen Ballon (norsk tittel: Flukta frå Aust-Tyskland).

  • Opplegget passar for elevar på andreåret med tysk 1, og for elevar som tar tysk 2.

  • Estimert tidsbruk for heile opplegget er omtrent 5 til 6 økter à 90 minutt. Opplegget kan fylle ein fagdag eller to–tre veker med vanleg undervisning i faget.

Seks artiklar og oppgåvesider

  1. Ballon: sjølve filmen, og ein tekst om filmen på tysk og norsk

  2. Einstieg: introduksjon til tema og film

  3. Beobachtungsaufgabe: observasjonsoppgåve medan elevane ser filmen

  4. Die Handlung im Film: tre øvingar for å repetere gloser og handling

  5. Sprechen und schreiben: litt større oppgåver elevane kan jobbe med etter å ha sett filmen

  6. Zwei Spiele: Jeopardy og Tabu (Alias)

Ballon: Film og fagtekst

Lese- og omsettingsoppgåve
  • Her finn du sjølve filmen og ein tekst om filmen. Filmen bygger på ei sann hending. Teksten gir elevane kunnskap om det historiske bakteppet for filmforteljinga og ein introduksjon til handlinga.

  • Det er lagt inn korte ordforklaringar i den tyske teksten slik at elevane kan sleppe å bruke ordbok. Her skal dei først og fremst skaffe seg informasjon og deretter gå vidare.

  • Nedst på sida finst det òg ein norsk versjon av teksten.

  • La elevane først lese den tyske teksten kvar for seg. Be dei deretter jobbe i par og omsette teksten munnleg. Tysk 2-elevar kan prøve å omsette til norsk utan å bruke forklaringane. Til slutt les elevane den norske teksten for å kontrollere at dei har forstått innhaldet.

Einstieg: Ballon

Aktivitetar før elevane ser filmen

På denne sida finn du tre forslag til oppgåver som skal førebu elevane på sjølve handlinga og temaet filmen tar opp (flukt): ei diskusjonsoppgåve, ei gruppeoppgåve og ein kviss. Estimert tidsbruk er 45–60 minutt.

1 Diskuter: Warum sind Menschen auf der Flucht? (10 min)

  • Elevane diskuterer først på norsk, i par eller i små grupper.

  • Deretter bruker dei ordbok for å finne relevante tyske ord og uttykk.

  • Til slutt samlar de viktige temaord på tavla, til dømes Krieg, Hunger, Naturkatastrophen, Armut, politische Verfolgung, Diskriminierung, schlechte medizinische Versorgung, Arbeitslosigkeit, keine Ausbildungsmöglichkeiten, keine Zukunft.

2 Gruppearbeid (30–45 min)

Del klassen i grupper på 3–4 elevar og gi kvar gruppe éi av oppgåvene:

  1. filmplakaten

  2. traileren

  3. songen "Unsre Heimat"

Gjer elevane merksam på dei ekspanderbare boksane med nyttige ord og uttrykk, og be dei ta notat undervegs. Når gruppene er ferdige, tar de ein felles gjennomgang av oppgåvene i klassen.

3 Kviss: Was stimmt? (5 min)

  • Kvissen dekker dei viktigaste hendingane i Tyskland etter andre verdskrigen.

  • Formålet er å sikre at elevane forstår den historiske situasjonen handlinga speler seg ut i.

  • Elevane får to påstandar på enkel tysk og vel den dei meiner er korrekt.

  • Elevane kan jobbe med kvissen individuelt, i par, eller i plenum.

Beobachtungsaufgabe

Søkelys på ein av personane
  • Mens elevane ser filmen, skal dei observere ein av nøkkelpersonane. Dei samlar informasjon om denne personen i eit skjema.

  • Når filmen er ferdig, bruker elevane notata sine og modellteksten på sida til å skrive enkle setningar om personen dei har valt.

  • Tysk 2-elevar kan gjerne skrive litt meir enn det som står i dømet, og bruke tekstbindarar.

  • Øvst på sida er det portrettbilde av hovudpersonar og nøkkelpersonar i filmen. Fordel personane blant elevane, eller presenter dei kort på norsk og be elevane velje sjølv. Personane på bilda er: Doris Strelzyk (mor), Peter Strelzyk (far), Frank Strelzyk (den eldste sonen i familien), Günter Wetzel (familiefar og familievenn), Klara Baumann (nabojente), Erik Baumann (nabo og far til Klara), Oberstleutnant Seidel (oberstløytnant i Stasi).

Die Handlung im Film

Tre øvingar for alle

Vi tilrår sterkt at alle elevane jobbar med desse tre øvingane slik at dei får repetert handlinga og viktige gloser. Då får dei også eit grunnlag for å jobbe med dei litt større oppgåvene.

1 Die Handlung im Film (glosekort tysk–norsk)

Her repeterer elevane kort (og gjerne i par) handlinga og viktige gloser.

2 Fragewörter wiederholen

I denne øvingssekvensen repeterer elevane tyske spørjeord.

3 Fragen und Antworten

No skal elevane bruke spørjeorda dei har øvd på, til å lage spørsmål. Her får dei ti svar som dei skal stille spørsmål til på tysk.

Sprechen und schreiben

Fleire oppgåver å velje imellom

Etter å ha sett filmen kan elevane jobbe med oppgåver og aktivitetar på denne sida. Dei større oppgåvene har også norske instruksar (i ekspanderbare boksar). Oppgåvene 3 og 4 eignar seg godt til undervegsvurdering og prosessorientert arbeid.

1 Die Flucht planen

I denne kreative oppgåva har vi lagt handlinga til eit tenkt Noreg som har blitt ein terrorstat. Elevane jobbar i grupper, og kvar gruppe lagar ein fluktplan som dei visualiserer på ei korktavle eller ein plakat.

2 Heimliches Treffen in Norwegen

Denne oppgåva føreset at elevane har jobba med oppgåve 1. Elevane held då fram i dei same gruppene, og kvar gruppe får to eller tre andre grupper å samarbeide med. Gruppene fortel kvarandre om fluktplanane sine og stiller kvarandre spørsmål på tysk. Det er fint om dei viser fram det visuelle produktet dei har laga, mens dei fortel. Læraren går rundt og lyttar.

3 Text "Die Flucht"

Denne skriveoppgåva kan brukast som innleveringsoppgåve. Her øver elevane på å skrive tysk og får støtte til innhald og språk (i Schreibhilfen).

Oppgåva eignar seg godt til prosessorientert skriving: Elevane skriv eit utkast, får tilbakemelding frå medelevar og/eller rettleiing frå lærar, reviderer teksten sin og leverer.

Dei kan eventuelt også lese inn den ferdige teksten og levere lydopptaket i tillegg.

4 Frank trifft Klara in Berlin

Elevane identifiserer seg sannsynlegvis mest med karakterane i filmen som er på deira eigen alder. I denne oppgåva er det ungdommane Frank og Klara som får hovudrollene. Tolv år etter flukta treffest dei tilfeldigvis på gata i Berlin. Elevane jobbar i par og skriv dialogen mellom Frank og Klara. Så øver dei og speler dialogen for eit anna par.

Dette er eit fint høve til å la elevane vurdere kvarandre og gi ros og tips til kva som kan bli betre. Etter ei siste finsliping av språk, uttale og innhald kan para til slutt filme kvarandre sine framføringar og sende eller vise opptaka til læraren.

Om elevane skal ha med alle dei foreslåtte spørsmåla i samtalen, krev det at dei også bruker fortidsformer av verbet. Presens perfektum fungerer utmerkt her fordi det er snakk om ein samtale.

Det er mogleg å forenkle oppgåva noko ved å avgrense talet på punkt som skal vere med i samtalen. Viss du tar vekk punkt fire og fem, kan elevane nøye seg med å bruke presensformer.

5 Die wahre Geschichte

Dette er ei oppgåve for elevar som jobbar raskt, eller som ønsker å vite meir om kva som skjedde i verkelegheita. På nettsida til museet i Naila, byen der ballongen landa, kan elevane sjå på bilde og lese gamle avisoppslag. Dei skal finne fem interessante faktum og skrive dei ned.

6 Interview mit den Wetzels und Strelzyks

Dei ekte familiane Strelzyk og Wetzel gjestar eit talkshow. Kva kunne elevane tenkt seg å spørje dei om? No har dei høve til å spørje om det dei lurer på.

Elevane jobbar i grupper på fire, og dei treng post-it-lapper til oppgåva. Gruppa vel seg tre familiemedlemmer som skal delta i talkshowet.

  • Først skriv kvar gruppemedlem ned minst tre spørsmål.

  • Så ser gruppa gjennom spørsmåla og blir samde om ti spørsmål som skal brukast. Elevane finn ei passande rekkefølge.

  • Så finn elevane saman gode svar på spørsmåla. Alle noterer svara.

  • Deretter fordeler dei roller: Ein gruppemedlem er talkshow-vert(inne), dei andre er gjester.

  • Elevane øver på å gjennomføre talkshowet. Læraren går rundt og lyttar til samtalane.

  • Til slutt kan elevane framføre for ei anna gruppe, for læraren eller for heile klassen.

På nettsida til museet (under "Weitere Informationen") ligg det lenke til eit videoklipp på YouTube, der talkshow-verten Günther Jauch snakkar med familiane Strelzyk og Wetzel. Klippet er frå 1989, kort tid før murfallet og ti år etter sjølve flukta.

Vurdering

Forslag til vurderingssituasjonar

Fleire av oppgåvene eignar seg til bruk i undervegsvurdering og/eller mappevurdering. Elevane kan også få beskjed om å førebu seg til ein fagsamtale der dei får spørsmål om arbeidet sitt og skal reflektere rundt læringsprosessen. Døme på spørsmål som elevane kan førebu seg på:

  • Wie findest du den Film "Ballon"? Begründe deine Antwort.

  • Was passiert im Film? Erzähle!

  • Welche Person hast du dir näher angeschaut? Beschreibe sie!

  • Welche Aufgabe hat dir am besten gefallen? Warum?

  • Wie wäre dein Fluchtplan aus einer Diktatur? Erzähl.

  • Was hast du gelernt?

  • Welche neuen Wörter kannst du jetzt?

Zwei Spiele: Jeopardy und Tabu ("Alias")

Korleis spele desse to spela?

1 Jeopardy

Forutan å ha det gøy er målsettinga med spelet å øve seg på å stille spørsmål. Samtidig får ein oppsummert handlinga i filmen på ein morosam måte, og elevane får praktisert nye ord og uttrykk.

Spelet blir spelt i plenum, og elevane blir delte inn i lag på tre eller fire personar. Alternativt kan ein spele i grupper på fem eller seks elevar, der ein eller to elevar er dommarar, og to par konkurrerer mot kvarandre.

2 Begriffe raten: Tabu (Alias)

Dette spelet går ut på at spelarane skal forklare eit omgrep utan å nemne sjølve omgrepet. Elevane får brukt språket munnleg og får forhåpentleg styrkt det aktive ordforrådet.

To lag speler mot kvarandre. Ein spelar vel eit omgrep frå tabellen og har eitt minutt på seg til å forklare det på tysk for eigne lagkameratar. Gjettar lagkameratane omgrepet, får laget poeng. Dess vanskelegare omgrep, dess fleire poeng er det mogleg å få.

Klarer ikkje laget å gjette rett, får motstandarlaget sjansen. I neste runde er rollene bytte om, då er det lag B som sender opp to spelarar og som får gjette først.

Alternativt kan ein også gjennomføre spelet i plenum og dele klassen i to lag. To spelarar frå lag A kjem opp og stiller seg med ryggen mot tavla. Læraren peiker på eit omgrep, og lag A prøver å forklare omgrepet til dei to lagkameratane. Klarar dei to å gjette riktig omgrep, får laget poeng. Lykkast dei ikkje, får ikkje laget poeng, og det blir lag B sin tur til å sende opp to spelarar som skal gjette eit nytt ord.

CC BY-SASkrive av Julia Kleven og Aslaug Gravem.
Sist fagleg oppdatert 20.02.2023

Læringsressursar

Ballon