Wortschatz: Eigenschaften und Gefühle
1: Eigenschaften
Finde Antonyme.
2 Eigenschaften
Diese Adjektive schreibt man gleich oder fast gleich auf Deutsch.
3 Eigenschaften
Kennst du diese Adjektive?
4 Galgenmännchen (Hangman)
Ein Buchstabenspiel! Eigenschaften raten.
Gå i grupper på 3–4 deltakarar.
Kvar deltakar vel seg eitt av adjektiva frå øving 1–3 og lagar ei rad med strekar på ein lapp, éin strek for kvar bokstav i ordet.
Elev A viser lappen sin. Dei andre på gruppa foreslår etter tur bokstavar og prøver å finne fram til ordet.
Viss den foreslåtte bokstaven finst i ordet, skriv elev A bokstaven på alle dei riktige stadene.
Viss bokstaven ikkje finst i ordet, teiknar elev A eitt av elementa i Hangman-teikninga.
Dersom ein elev på gruppa finn ordet før teikninga er ferdig, får han/ho eit poeng.
Men dersom ingen på gruppa gjettar ordet før teikninga er ferdigstilt, får elev A eit poeng.
Så viser nestemann på gruppa lappen sin, og dei andre gjettar.
Den eleven som har flest poeng til slutt, vinn spelet.
5 Gefühle
Hat die Klasse eine eigene Liste über Gefühle erstellt? Dann übe diese Wörter. Oder lerne die nützlichen Adjektive in dieser Übung:
6 Gefühle
Üb noch mehr nützliche Adjektive!
7 Gefühle mimen
Ein Ratespiel
Del dykk opp i to eller fire grupper, avhengig av kor mange elevar det er i klassen. To og to grupper speler saman.
Kvar gruppe skriv ned ti ulike kjensler på små lappar, ei kjensle per lapp. Skriv ordet på både tysk og norsk. Brett lappane.
Ein elev frå gruppe A trekker ein lapp frå gruppe B.
Ein elev frå gruppe B startar stoppeklokka, og eleven som har trekt lappen, byrjar å mime kjensla som står på lappen.
Dei andre elevane i gruppe A gjettar no på tysk: "Du bist ...!" Eller: "Bist du ...?"
Klarer gruppa å gjette rett innan 40 sekund og seie ordet på tysk, får gruppa lappen og dermed eit poeng.
Deretter er det ein elev frå gruppe B som trekker ein av lappane til gruppe A og mimar for gruppa si.
Leiken held fram til lappane er brukte opp. Kva gruppe klarer å få flest poeng?