Hopp til innhald

Fagstoff

Digitale verktøy i naturfag

Utviklinga av ny teknologi har opna mange moglegheiter for læring, dokumentasjon og innsamling av data i naturfaget. Mobiltelefonar med kamera og tallause appar i tillegg til digitale kart og grafteiknarar er eksempel på nyttige hjelpemiddel i naturfaget.
Tre ungdommer bruker mobil til artsbestemming ved elv. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Digitale kart

Digitale kart er nyttige verktøy til mange tema, ikkje minst i samband med feltarbeid. Du kan blant anna få informasjon om freda område, forureining, vegetasjonstypar og artar. Opplysningar om klima, berggrunn og næringsforhold gjer det lettare å sjå samanhengar mellom artsutvalet og dei abiotiske forholda.

Sjå filmen "Bruk av digitale kart i feltarbeid".

I det digitale kartverket Kilden kan du velje mellom fem inngangar (arealinformasjon, landskap, jordsmonn, reindrift og skogportalen). I Kart i skolen kan du velje mellom 16 ulike tema, som geologi, befolkning, forureining, natur og miljø, og energiressursar.

Kartverket Kilden frå Norsk institutt for bioøkonomi.

Kart i skolen frå Naturfagsenteret, Kartverket og Skolelaboratoriet i realfag.

Både Kart i skolen og Kilden tilbyr mange kartlag med informasjon under kvart tema, og du kan leggje inn eigne opplysningar og rekne ut avstand og areal. Unngå å ha mange kartlag aktive på same tid, då fargesymbola kan dekkje over kvarandre. Symbola blir også lettare å lese viss du vel eit bakgrunnskart i gråtonar. Teiknforklaringar for kvart kartlag viser kva dei ulike symbola tyder. Dei mange temainngangane og moglegheitene for å lagre kartlag med eigne tilføyingar, gjer desse karta brukande i mange samanhengar i naturfagundervisinga.

Bilde av to karttjenester for Norge. Foto.


Vi vil også nemne to karttenester der du kan leggje inn artsobservasjonar:

Artsobservasjoner.no frå Artsdatabanken

Skandobs.no som er utvikla av Rovdata i Norge og Naturvårdsverket i Sverige.

Mobiltelefon i felt og på laboratorium

Mobiltelefonen får stadig fleire bruksområde, det gjeld også innan naturfag.

Mobilkamera

Bilete er nyttig dokumentasjon både frå forsøk og feltarbeid. Linsa på mobilkamera og nettbrett er godt eigna til å fotografere gjennom okularet på eit mikroskop eller ei stereolupe. Viss du kan kople mobilen din eller nettbrettet ditt opp mot ein prosjektør eller ei interaktiv tavle, er det lett å vise andre kva du ser i mikroskopet. Bruk gjerne ein avklipt dorullkjerne for å halde telefonen på plass og i rett avstand frå okularet.

Mikroskopbilder av laukceller, blodceller, planteceller og muskelceller. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Spor i snø. Foto.

Feltarbeid

Bilete av spor og sporteikn eller andre spesielle funn, kan du geotagge ved hjelp av GPS på mobilen. Du kan også markere funnet eller finne koordinatane på eit digitalt kart.

Ved å setje ei lupe framfor linsa kan du ta gode nærbilete av for eksempel eit insekt. På same måten kan du halde ein kikkert framfor kameraet, så har du ei "telelinse".

Mange oppslagsverk er tilgjengelege på Internett. Desse kan du bruke til artsbestemming under feltarbeidet så lenge du har mobildekning.

Sjå for eksempel:

Appar og eksternt utstyr

Ei hand med mobiltelefon. Foto.

Utvalet av appar som ein kan laste ned, er enormt. Vi kan også kople til ekstra utstyr som skjermar, høgtalarar og sensorar, eller bruke appar som styrer eksternt utstyr som eit filmkamera.
Vi kan nemne appar som måler puls, desibel og lys. For eksempel kan ein app for timelapse-foto vere nyttig om du skal dokumentere ein prosess over lengre tid, og ein app med fuglelydar (gjerne supplert av bilete) kan brukast til å artsbestemme fuglar. Det finst også appar som kan identifisere artar ved hjelp av bilete du har teke med mobiltelefonen din.

Grafteiknarar

For å vise innsamla data eller resultat frå eit eksperiment på ein måte som er lett å tolke, bruker vi gjerne tabellar, grafar og diagram. I eit rekneark kan du få fleire typar diagram og grafar frå data som du har samla i ein tabell.

Skjermbilde frå Geogebra med lineær modellering. Grafikk.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I Geogebra har du fleire moglegheiter når du skal analysere grafen. Du kan for eksempel finne kryssingspunkt mellom grafar frå to ulike situasjonar. Toppunkt, botnpunkt og stigingstal kan også gi nyttig informasjon om den prosessen vi jobbar med. Når du legg inn målingar i reknearket i Geogebra, kan du lett finne den grafen som passar best til målingane. Dette blir kalla modellering eller regresjon og blir gjort på same måten med data som er samla ved hjelp av dataloggarar.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 08.01.2019

Læringsressursar

Utforsking, risiko og rapport