Opne og styrte (lukka) forsøk - Naturfag (RM) - NDLA

Hopp til innhald
Veiledning

Opne og styrte (lukka) forsøk

Både opne og styrte (lukka) forsøk er ein viktig del av naturfaget. I styrte forsøk får du oppskrift med forklaringar på kva som skal gjerast. I opne forsøk må du derimot lage problemstilling, velje metode og identifisere variablar sjølv.

Styrte (lukka) forsøk

Når du følgjer ei detaljert oppskrift på kva som skal gjerast, kallar vi det eit styrt eller eit lukka forsøk. Oppskrifta inneheld også ei liste over utstyr og kjemikaliar som trengst i forsøket.

Styrte forsøk er ofte meir avgrensa og raskare å gjennomføre enn opne forsøk, og blir kanskje av den grunnen brukt oftare.

Når du gjennomfører forsøk knytta til eit tema, vil du kanskje oppdage at det praktiske arbeidet gjer det lettare å hugse og forstå teorien.

Opne forsøk og utforsking

I opne forsøk må du sjølv velje metode. Du får øving i å formulere ei problemstilling, lage ein hypotese og bestemme kva for variablar som skal endrast, kva for variablar som skal haldast konstante, og kva for nokre som skal undersøkjast eller målast. Det kan vere mogleg å bruke ulike metodar for å finne svar eller løysingar på ei problemstilling.

Når du jobbar med opne forsøk, får du god bruk for kreativitet, kritisk evne og nøyaktige observasjonar. Du må også bidra aktivt i drøfting av resultat, metodar og feilkjelder.

Framgangsmåten i eit ope forsøk kan vere slik:

  1. Undring: Kva er det vi lurer på?
  2. Problemstilling: Kva vil vi prøve å finne ut?
  3. Hypotese: Vi trur følgjande vil skje når ...
  4. Planlegging – materiale og metode:

    Korleis skal vi teste hypotesen med forsøk?
    Kva for storleikar vil resultata avhenge av? (Desse blir kalla variablar eller parametrar.)
    Kva for storleikar skal variere, kva for nokre skal målast, og kva for nokre må haldast konstante?
    Hva slags utstyr treng vi?
    Korleis blir framgangsmåten?
    Kva for argument har vi for at planen er god?

  5. Gjennomføring av forsøket – samling av data:

    Følg oppsettet av forsøket.
    Finst det kjende feilkjelder?
    Noter resultat, og skriv logg.

  6. Vurdering av resultat:

    Kor gyldige er resultata?
    Trengst det forbetring av metoden?

  7. Forbetring av forsøk/metode og ny gjennomføring?
  8. Konklusjon:

    Stemmer resultata med hypotesen? Blir hypotesen forsterka, eller må han forkastast?

  9. Dokumentasjon og formidling:

    Dokumenter arbeidet ditt i ein naturfagleg lab-rapport. Bruk gjerne rapportgeneratoren eller dokumentasjonsverktøyet. Fyll inn alle opplysningar og lagre dokumentet på eigen PC. Du kan deretter lage punktlister, setje inn tabellar og bilete som ein del av dokumentasjonen. Du kan også dokumentere arbeidet ditt i ein film som du kan legge inn i rapporten, presentere for medelevar, på skulen si heimeside, i ei nettavis eller på YouTube.

Relatert innhald

Skrive av Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 30.06.2020