Hopp til innhald

Fagstoff

Årsplan for naturfag på YF – naturbruk

Det er mange måtar å nå eit mål på. Her kjem eit forslag til korleis du kan planleggje det komande skuleåret etter læreplanen (LK20) ved hjelp av fagressursane NDLA tilbyr i naturfag.
Kalenderblad. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fagressursane i naturfag frå NDLA dekkjer heile læreplanen (LK20). Dette inkluderer dei grunnleggjande ferdigheitene, kjerneelementa, dei tverrfaglege temaa og kompetansemåla. Med nytt og spennande fagstoff håper vi å kunne bidra til skaparglede, engasjement, utforskartrong, nysgjerrigheit og kritisk tenking både i og utanfor klasserommet.

Årsplan for naturfag på YF – naturbruk

Vi har laga eit forslag til årsplan med hovudemne, fokusområde, læreplantilknyting og lenkjer til eit utval fagressursar for kvart emne.

Planen er rettleiande og kan lastast ned slik at han enkelt kan tilpassast ulike elevgrupper og skulen sin eigen årsplan.

  • Læreplantilknytinga er lagd inn periodevis for dei ulike emna, og vi viser til ho ved starten av eit nytt emne.

  • I planen har vi lagt til rette for å jobbe med dei tverrfaglege temaa i tilknyting til fleire av dei eigne emna i naturfaget. Dette er spreidd utover heile skuleåret og utgjer totalt fem veker. NDLA tilbyr mange måtar å jobbe med dei tre tverrfaglege temaa på. Enkeltlærarar kan bruke ressursane i faget sitt eller samarbeide på tvers av ulike fag.
  • Kompetansemålet «utforske ei sjølvvald naturfagleg problemstilling, presentere funn og argumentere for val av metodar» er godt eigna innanfor alle emna i naturfaget. I årsplanen er det plassert i vekene 18/19/20 under emna klima og miljø, men dette er det enkelt å justere og tilpasse andre emne.

Årsplanen som redigerbar tekstfil og PDF.

Filer

Årsplan naturfag Vg1 NA

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Camilla Øvstebø .
Sist fagleg oppdatert 13.08.2021

Læringsressursar

Årsplanar i naturfag