Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forsøk: Lag majones

Lag majones og undersøk stoffa som trengst for å lage han.
Olje, egg, visp og ferdiglaga majones. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hensikt

Undersøk stoffa som trengst for å lage majones og finn ut kva som skjer når stoffa blir blanda.

Framgangsmåte

  1. Undersøk ingrediensane:
    1. Kva for ein (nokon) er løyseleg(e) i vatn?
    2. Kva for ein (nokon) er løyseleg(e) i feitt?
  2. Visp eggeplommene og saltet til det får ein lys, kremaktig konsistens.
  3. Tilset nokre få dropar kokande vatn under kraftig visping for at ikkje massen skal skilje seg.
  4. Spe sakte med olje og sitronsaft/eddik vekselvis, samtidig som du piskar kraftig. Dersom majonesen blir for tjukk, kan du spe med nokre dropar lunkent vatn.
  5. Smak til med sennep, salt, kvit pepar og eventuelt sitronsaft/eddik. Ser du at sausen begynner å bli”blank” langs kanten i vispebollen, er det eit teikn på at sausen er i ferd med å ”sprekke”. Tilsett då nokre dropar lunkent vatn mens du held fram med å piske.

Diskusjon

Del 1. Olje og vatn

  1. Bland litt olje og vatn i eit begerglas. Kva oppdagar du?
  2. Då de laga majones, så blanda de òg olje og vatn. Samanlikn med det de observerte i punkt 1 over. Forklar.

Del 2. Emulgatorar

  1. Les teksten om emulgatorar i boksen over.
  2. Kva for ein av ingrediensane i majones verkar som ein emulgator, trur de?
  3. Kva døme på blandingar som er emulsjonar blir nemnde i teksten?
  4. Finn oppskrifter (eller bruk innhaldslista på emballasjen) på nokon av desse emulsjonane.

    Lag ein oversiktstabell der de sorterer ingrediensane etter om dei er vass- eller feittløyselege, eller om dei fungerer som emulgator i dei ulike matvarene.

matvare

vassløyselege ingrediensar

feittløyselege ingrediensar

emulgatorar

matvare1

matvare2

matvare3

Del 3. Diskuter e-stoffer

Somme emulgatorar blir oppgitte med e-nummeret sitt. Slike stoff kallar vi e-stoffer i daglegtalen. Diskuter påstanden: "E-stoffer er tilsetjingsstoff. Vi bør unngå slike stoff i maten."

Relatert innhald

Undersøk eigenskapar til vassløyselege og feittløyselege stoff, og finn ut kva eigenskapar ein emulgator har.

Kjelder

Skarstad, E. (2019, 29. januar). Emulgator. Henta frå https://snl.no/emulgator


CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 10.01.2020

Læringsressursar

Stoff og materiale