Kommunikasjonsmodellen til Lasswell
I Lasswells kommunikasjonsmodell kan kommunikasjonsprosessen formulerast i ei setning: "Kven seier kva til kven gjennom kva kanal med kva verknad?"
Modellen forklarer ikke fullt og heilt korleis kommunikasjon faktisk går føre seg. Vi skal ikkje gløyme at modellar er forenklingar av verkelegheita.
Nedanfor får du nokre døme på korleis vi kan nytte prosessmodellen til å forklare ulike typar kommunikasjon. Vi ser nærare på eit døme på propaganda, eit på underhaldning og så døme på journalistikk, reklame og informasjon.
Kven – Hitler
seier kva – "Germanarane er ein overlegen rase."
til kven – den tyske befolkninga
i kva kanal – film, radio, talar på store arenaer
med kva verknad – støtte i befolkninga
*Propaganda betyr medviten manipulering av folks kjensler og tankar ved hjelp av sterke verkemiddel for å fremme bestemde oppfatningar og handlingar.
Sjå filmen "Skimonster" på Facebook.
Kven – Skimonster
seier kva – "Det er ikkje alltid like lett å ta skiheis."
til kven – tilfeldige eller skiinteresserte folk på Facebook
i kva kanal – Facebook
med kva verknad – at folk ler
Les nyheita om vindmøller:
NRK: Vil ha mer vindkraftutbygging
Kven – NRK Trøndelag
seier hva – "NHO mener man må tåle naturinngrep i Norge skal man løse klimautfordringene"
til kven – lesarane av NRK Trøndelag
i kva kanal – internett / NRK Trøndelag
med kva verknad – gi kjennskap til noko som har skjedd i samfunnet
Kven – Lerum
seier kva – "Produkta våre er laga av dei beste fruktene."
til kven – dei som kjøper saft og syltetøy
i kva kanal – YouTube, reklamekanalar på tv, kinoreklame
med kva verknad – at folk kjøper Lerums saft og syltetøy
Kven – Statens Vegvesen
seier kva – "Råkjøring er barnsleg."
til kven – ungdom (spesielt gutar)
i kva kanal – YouTube
med kva verknad – gi riktige haldninger til bilkøyring og fart