Hopp til innhald
Eigenvurdering

Eigenvurdering for emnet medier, makt og representasjon

Media har eit spesielt ansvar for at ulike grupper og syn kjem til uttrykk i offentlegheita. Kvifor er det så viktig? Kva betyr det at nyheitsmedia set dagsordenen? Her får du ei liste med punkt for å sjekke kva du har forstått om medium, makt og representasjon.

Desse punkta gir deg ein peikepinn på korleis det står til med fagkunnskapen din:

Representasjon

  • Eg veit kvifor det er viktig at alle grupper i samfunnet blir framstilte og representerte i media.
  • Eg har lært kor viktig det er at spesielt svake grupper blir framstilte og representerte i media.

Media si makt

  • Eg veit kva dagsorden og portvaktfunksjon betyr.
  • Eg har lært at definisjonsmakt er ei form for usynleg makt, og eg veit korleis denne makta kan kome til uttrykk.
  • Eg veit kva som ligg i uttrykket "framstillingsmakta til journalistikken".
  • Eg forstår kvifor og korleis sosiale medium er med på å setje dagsordenen og påverke samfunnsdebatten.
  • Eg veit korleis enkeltpersonar kan ha definisjonsmakt og setje dagsordenen.

Media si rolle

  • Eg forstår kva som ligg i samfunnsoppdraget til media, og kvifor dette er viktig for demokratiet.
  • Eg veit kvifor nyheitsmedia blir omtalte som "den fjerde statsmakta", og eg kan forklare kva som ligg i dette uttrykket.
  • Eg har lært kva rolle media speler i demokratiet, og kvifor dei har så stor makt i samfunnet vårt.

FAGOMGREP