Deltakarar:Jonis Josef ("Jørnis") – programleiarAnna Grøndahl Larsen – AGL
Kva veit eg? Jonis Josef om media
Programleiar: Hei, folkens, eg heiter Jonis Josef, og i dag skal det handle om media. Det er eit stort og viktig tema. Kva slags makt har media? Korleis har eg som enkeltperson innverknad på media? Kva er alternative medium? Er media bra eller dårleg for ytringsfridommen vår? Kva betydning har sosiale medium? Og kva er propaganda?
Eg skal lære meir om dette av Anna Grøndahl Larsen, som er førstelektor ved Institutt for medium og kommunikasjon ved Universitetet i Oslo.
Velkomen, Anna Grøndahl Larsen!
AGL: Takk!
Programleiar: Media blir kalla for den fjerde statsmakta. Kva slags makt har dei over oss enkeltmenneske?
AGL: I Noreg og veldig mange andre stader i verda er vi omgitte av medium, og dei er ein integrert del av livet vårt. I tillegg til dei tradisjonelle nyheitsmedia får vi informasjon via nettaviser, podkast, radio, TV og sosiale medium. Vi bruker dei sosiale media til å halde kontakt med vener og til å ytre oss om saker vi er interesserte i – til dømes politiske saker. Vi viser fram livet vårt gjennom dei sosiale media. Det er vanskeleg å sjå for seg livet vårt utan medium, så vi kan seie at dei har ein viktig innverknad på oss.
Det å forske på korleis media påverkar kvar og ein av oss som enkeltindivid, er ganske utfordrande. Vi kan seie meir om det på gruppenivå. Når det gjeld nyheitsmedia, har dei lenge vore ei av dei viktigaste kjeldene vi har til informasjon om kva som skjer både i Noreg og i verda elles. Dei gir oss eit bilete av kva som skjer i politikken, kva parti som meiner kva, og ulike hendingar som skjer i andre delar av verda. Nokre døme er det amerikanske presidentvalet, ulykker og det som er særleg aktuelt no, koronapandemien: mellom anna kva tiltak som gjeld, kva vi skal gjere, og korleis vi skal stille oss. Ganske mykje av det vi veit, får vi informasjon om frå nyheitsmedia. Dei har ei viss makt til å velje kva dei skal gi merksemd, og sidan det er dei som presenterer sakene for oss, vil dei vere med på å forme forståinga vår av verkelegheita.
Programleiar: Då eg voks opp, var det jo gjerne VG og Dagbladet og til dømes Aftenposten som gjaldt. No er det veldig mange fleire nyheitsmedium. Kva slags krav kan ein setje til media, som altså er den fjerde statsmakta?
AGL: Det er nyheitsmedia og pressa som er den fjerde statsmakta. Det betyr at dei har ei heilt sentral rolle i å mellom anna formidle saker mellom politikarar – altså dei som styrer – og borgarar. Rolla som media har, går òg ut på å vere ein kontrollinstans. Viss til dømes offentlege styresmakter gjer feil, skal nyheitsmedia vere der og fange det opp. Så skal dei føre informasjonen vidare til oss og til politikarane, sånn at ting kan endrast eller gjerast betre seinare. Det er noko av det som ligg til rolla som den fjerde statsmakta.
Programleiar: Kor frie medium har vi i dag?
AGL: Det er eit vanskeleg spørsmål. Media i Noreg er frie, for vi har jo ytringsfridom. Ytringsfridommen står sterkt i Noreg, og staten utfører ikkje noka form for sensur av nyheitsmedia.
Programleiar: Kvifor treng vi media?
AGL: Ytringsfridommen og den frie pressa har ei viktig betydning. Ytringsfridommen er ein grunnleggjande del av demokratiet. Det handlar om fridom til å ytre seg, men også fridom til å få ytringar eller informasjon, noko som vi kallar for informasjonsfridom. Ei sentral grunngiving for ytringsfridommen er det demokratiske. For å kunne ta eit informert val når vi stemmer, må vi ha frie ytringar og fri informasjon, sånn at vi får med oss ulike alternativ. Media er sentrale forvaltarar av ytringsfridommen, og dei har lenge vore sentrale for den opne og opplyste samtalen. "Media" er rett nok eit stort omgrep: I dag kan vi seie at vi òg treng dei mellom anna for å vere sosiale, finne kjærast og kommunisere med vener.
Programleiar: Kva er alternative medium?
AGL: Alternative medium kan vere mykje ulikt, men dei er ofte eit alternativ til dei etablerte nyheitsmedia. Det vil seie at målet deira er å vere noko anna. Ofte snakkar vi om alternative medium som noko nytt, fordi dei ikkje har etablert seg som ein aktør over tid. Alternative medium kan vere produserte av menneske som ikkje er journalistar og som manglar journalistisk erfaring, men som vil løfte fram tema eller saker som dei meiner at dei etablerte, tradisjonelle media ikkje dekkjer godt nok. Også menneske med journalistisk erfaring kan stå bak, og dei kan ønskje å gi nokre alternative perspektiv på politiske eller sosiale hendingar. Når vi har snakka om dei alternative media no om dagen, er det såkalla høgrevridde alternative medium som har fått mykje merksemd.
Programleiar: Ja, Resett og sånn?
AGL: Ja, til dømes. Dei seier at dei har eit aktivt mål om å kritisere og vere eit alternativ til dei etablerte nyheitsmedia, som NRK, VG og Aftenposten. Det som ofte skil dei alternative media frå dei etablerte, er utvalet av saker og vinklinga på saker. Nokre av dei alternative media kan til dømes reknast som innvandringskritiske, og dei skriv gjerne meir om innvandring og integrering og har andre vinklingar enn dei etablerte nyheitsmedia. Formatet kan òg vere litt annleis, og det er ikkje alltid dei har same forhold til presseetikk som dei etablerte nyheitsmedia.
Programleiar: Er ikkje det veldig problematisk? At ein har medieaktørar som ikkje følgjer dei same spelereglane som dei andre aktørane?
AGL: Det kan vere positivt med alternative medium og mediekritikk, fordi vi får fleire perspektiv på saker. Men det kan òg vere problematisk. Til dømes viss dei identifiserer personar som enno ikkje er dømde i straffesaker, eller gir eit veldig skeivt bilete av verkelegheita – viss dei framstiller det som at alle problem i verda kjem av innvandring, til dømes.
Programleiar: Media har tradisjonelt bestått av journalistar som skriv saker i aviser, er reporterar på TV og så vidare. No ser vi at mange enkeltmenneske på sosiale medium presenterer sine eigne nyheiter, eigne fakta eller eigne versjonar av saker. Korleis har sosiale medium gjort at vanlege folk får stemma si høyrt?
AGL: Det er mykje enklare å ytre seg i dag enn det var før vi hadde internett og sosiale medium. Viss vi har ei meining, kan vi gå ut med ho på Facebook, Twitter, Instagram, i kommentarfelt eller andre stader. Men sjølv om det er lett å ytre seg, er det ikkje nødvendigvis enkelt å bli høyrd. Sjansen for å bli høyrd er større viss du er ei kjelde eller har eit innlegg i ei stor nyheitsavis, enn viss du ytrar deg på den personlege Twitter-kontoen din. Det avheng rett nok litt av kven du er.
Programleiar: Kva er konsekvensane viss ei avis gir feilinformasjon?
AGL: Viss du ikkje rettar deg etter det presseetiske regelverket, kan du bli dømd i PFU, som er Pressas faglege utval.
Programleiar: Eg har blitt felt i PFU.
AGL: Har du det?
Programleiar: Ja, eg jobba som radioprogramleiar og sa noko veldig stygt. Då fekk eg "ein dask på lanken" og beskjed om at eg ikkje skulle seie det. Eg fekk ei liste med ord som eg måtte vere forsiktig med å seie, og så var det "good to go". Det var ikkje større sanksjonar enn det.
AGL: Det er eit slags sjølvreguleringssystem, på den måten at det skal vere negativt å bli felt. Når det gjeld feilinformasjon, så har det kome fleire sånne faktasjekk-sider. Vi har til dømes Faktisk.no i Noreg. Dei tek utgangspunkt i ting som har stått i ulike medium, og sjekkar om det stemmer.
Programleiar: I samband med at vi får mykje informasjon i fleisen frå mange ulike hald, kan ein høyre om "digital detox". Kva er det?
AGL: Ein digital detox er å ta ein pause frå sosiale medium på ulike måtar. Det kan bety ein fullstendig pause, men det er jo ofte upraktisk å ikkje vere på internett i det heile.
Programleiar: Eg prøvde det ein periode.
AGL: Fungerte det ikkje?
Programleiar: Nei …
AGL: Det er vanskeleg fordi så mykje av livet vårt går føre seg i det digitale, jobb og alt mogleg. For mange handlar digital detox om å bruke mindre tid på sosiale medium, til dømes ved å slette ein app, sånn at ein ikkje sit og skrollar heile kvelden. Det er òg ei form for digital detox å bestemme seg for å leggje mobilen i gangen når ein skal ete middag med venegjengen. Det er mykje positivt med sosiale medium, men ein kan føle at det tek litt mykje tid, og at ein ikkje er til stades der ein er, eller at ein blir mindre effektiv. Vi har vel alle opplevd at vi berre skal sjekke klokka, men så er vi plutseleg på Facebook, VG og Instagram, og så har tida gått. For nokre handlar digital detox om personvernomsyn, det vil seie at dei ikkje vil dele så mykje av privatlivet sitt lenger.
Programleiar: Media kan òg bli brukte som eit våpen gjennom propaganda, som verkeleg har påverka historia. Korleis stiller ein seg til propaganda i desse dagar?
AGL: Noko av det som er falske nyheiter, kan ein jo sjå på som former for propaganda. Dei har eit politisk motiv, på ein eller annan måte. Generelt har vi lesarar eit ansvar for å utøve kjeldekritikk. Du bør stille deg spørsmål om kven som står bak, og kva slags motiv dei kan ha. Kva kan vere målet deira, og finst denne informasjonen òg andre stader? Med tanke på alt vi møter på sosiale medium og andre stader, er det alltid viktig å gjere den typen vurderingar.
Programleiar: Korleis kan eg som eit enkeltindivid som engasjerer meg i samfunnet, få stemma mi høyrt?
AGL: Ja, det er eit godt spørsmål. Det er ikkje så lett å svare på korleis ein kan utøve innverknaden sin. Om vi meiner at noko er feilaktig presentert i nyheitsmedia, kan vi kommentere det på ein meir direkte og spontan måte enn før. Og så kan vi berre håpe at dei tek det til seg.
Viss det er ulike medium eller eit bestemt innhald du liker, kan du utøve innverknaden din ved å abonnere og betale for det eller klikke deg inn og lese dei sakene du liker. Nyheitsmedia er stort sett kommersielle føretak som er avhengige av inntening, og dermed vil dei halde fram med å produsere den typen saker som vi vil ha.
Om du har eit politisk tema du vil at folk skal mobilisere for, kan du prøve å setje i gang ei form for aksjon, men det er ikkje så lett. Det er mykje lettare om du har ei stemme i offentlegheita frå før. Når det allereie er mange som veit kven du er, har du gjerne mange følgjarar og er ei form for opinionsleiar.
Vi kan òg påverke indirekte gjennom å stemme ved val. Når det gjeld nyheitsmedia og dei redaksjonelle media, har vi ein ganske aktiv mediepolitikk i Noreg. Staten prøver å sørgje for at vi har eit mangfald av medium og innhald, men dei ulike politiske partia har litt ulike innfallsvinklar til det.
Vi kan bruke dei store plattformselskapa til å få saka vår ut, men kva viss vi er misnøgde med at dei innhentar dei personlege dataa våre og tener på dei? Held det at vi droppar å bruke Facebook? Det er samtidig veldig vanskeleg, fordi vi bruker det til så mykje. No har eg nemnt nokre av dei tinga ein kan gjere for å utøve innverknad.
Programleiar: Eg skal prøve å summere opp: Media er den fjerde statsmakta. Mediebiletet er i endring til kvar tid, og det reflekterer samfunnet. Tidlegare hadde vi aviser, og dei hadde gjerne ein partitilhøyrsel, men no har vi plattformer der mange kan ytre meininga si. Sosiale medium har vore viktige i den utviklinga. Vi ser at media er svært viktige for å spreie nyheiter og informasjon som gjeld befolkninga.
Alternative medium dukkar ofte opp som eit motsvar til dei etablerte media, fordi dei føler at saker blir dekte feilaktig, eller at dei etablerte media ikkje gir nok merksemd til det dei meiner er viktig. Vi har snakka litt om digital detox, som er å ta ein liten pause frå telefonen. Nokre slettar ein app eller to, mens andre går litt hardare til verks. Generelt er det vanskeleg å "detoxe" heilt frå telefonen sin, sidan vi lever i ein symbiose med sosiale medium.
Programleiar: Tusen takk til deg, Anna Grøndahl Larsen.