Øving
Undersøk nyheitskriterium
Konflikt, vesentleg, eksklusivitet, identifikasjon og nærleik, sensasjon og aktualitet er dei seks nyheitskriteria (hugseregelen er KVEISA). Kva for nyheitskriterium finn du i nettsaker frå VG og Dagbladet?
Gå inn på desse nettavisene: VG og Dagbladet
- Finn to saker som byggjer på nyheitskriteriet konflikt. Kva er konflikten i sakene?
- Finn ei nyheit som byggjer på nyheitskriteriet sensasjon. Kvifor trur du denne saka har fått plass i avisa?
- Det at noko er vesentleg, blir ofte rekna som det viktigaste nyheitskriteriet og kan knytast til journalisten sitt samfunnsoppdrag. Finn saker som er vesentlege og viktige for publikum.
Relatert innhald
Fagstoff
NyheitskriteriumEin journalist må ha kunnskap om kva for hendingar som skal prioriterast og bli til nyheitssaker. Nyheitskriteria beskriv kjenneteikn ved nyheiter.