Hopp til innhald

Fagstoff

Om sitatretten

Kva er god sitatskikk? Korleis kan du bruke innhald frå andre utan å bli teken for å stele? Her får du vite meir om korleis du kan gi att delar av andre sine verk i tråd med regelverket.
Å stele idéen til ein annan person. Skuggen av ein mann ser over skuldra på ein som jobbar på ein PC. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sitatretten er eit unntak frå regelen om at du må ha samtykke til å gi att eit åndsverk og/eller betale vederlag for bruken. Sitatretten gir deg lov til å bruke korte sitat, utdrag eller små delar av verk som er publiserte og offentleggjorde av andre.

I åndsverklova kapittel 3 paragraf 29 finn du regelen om korleis du behandlar sitat:

Det er tillatt å sitere fra et offentliggjort verk i samsvar med god skikk og i den utstrekning formålet betinger.

Kva er eit sitat?

Lova seier at du kan bruke sitat som er publiserte og offentleg tilgjengelege. Eit sitat kan til dømes vere eit kort videoklipp, eit ordrett utdrag frå ein tekst, nokre sekund av ein låt eller eit skjermbilete frå eit videospel.

Kva inneber "god skikk"?

God skikk betyr at du alltid må oppgi og kreditere kjelda di. Dessutan må du behandle sitatet du gir att, med respekt. Det inneber at du ikkje må forandre eller forvrengje innhaldet og dermed skape eit feil bilete av det opphavlege verket. Du må opptre etisk overfor opphavaren og vere reieleg.

Kva betyr "den utstrekning formålet betinger"?

Uttrykket "den utstrekning formålet betinger" betyr at du ikkje kan gi att eit sitat frå andre i kva samanheng som helst. Du må ha ein grunn til å bruke sitatet. Å skape stemning er til dømes ikkje ein god nok grunn. Du må vise at sitatet er naudsynt for føremålet ditt.

Nokre døme: Lagar du ein video som handlar om filmkritikk, vil det vere greitt å ha med eit klipp frå ei scene som "beviser" kritikken din. Lagar du eit radioinnslag om eit politisk val, kan eit ordrett sitat frå ein politikar vere naudsynt for å eksemplifisere argumentasjonen som blir brukt.

Raudt ansikt og svart snakkeboble. Illustrasjon.

Lova avgrensar òg kor mykje av eit verk du har lov til å gi att. Det betyr til dømes at du ikkje får bruke lengre filmklipp enn det som er strengt naudsynt. Kva som er passe lengd, må vurderast i kvart enkelt tilfelle. Lange utdrag kan vere i strid med sitatretten, og då må du få samtykkje frå rettshavarane før du kan bruke utdraget.

Kvifor har vi ei lov om sitatrett?

Tanken bak sitatretten er at gjenbruk av sitat kan fremje ytringsfridom, til dømes ved å skape debatt og kritikk i samfunnet. Skal du forsvare deg i ein diskusjon, sikrar sitatretten at du kan gi att motparten sine argument ordrett. Slik bidreg sitatretten til at alle får høyre begge sider av ei sak, og til at ytringsfridommen blir vareteken.

Andre "lånereglar"

Det finst andre "lånereglar" som gir deg moglegheit til å bruke om att innhald som andre har laga. Du kan få samtykke direkte frå opphavar og/eller betale for bruken. Eventuelt kan du undersøkje om vernetida er gått ut, eller om verket er underlagt ein delbar Creative Commons-lisens.



Det handlar om å dele: Creative Commons

Sitat og referansar

Kjelder

DelRett. (u.å.). Opphavsrett i undervisning. https://delrett.no/nb

Åndsverklova. (2018). Lov om opphavsrett til åndsverk (LOV-2018-06-15-40). Lovdata. https://lovdata.no/dokument/nl/lov/2018-06-15-40/

CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2022

Læringsressursar

Referansar og lisensar