Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Jobb med CC-lisensar for publisering på nett

Ei rekkje søkjetenester på nett kan hjelpe deg å finne innhald med Creative Commons-lisensar. Finn og bruk verk med CC-lisens, set på din eigen lisens og publiser på nett. Du kan arbeide individuelt eller saman med andre.
Forstørrelsesglass over et pc-tastatur. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lag ein videopresentasjon eller ein infografikk om plagiering. Bli einig med læraren din om kor mykje arbeid du skal leggje i oppgåva.

Har du gjort oppgåva om plagiat eller inspirasjon, kan du ta utgangspunkt i teksten du allereie har skrive om plagiering. Skriv han om til eit munnleg manus, og hugs å planleggje korleis du skal få inn kjeldereferansar.

Creative Commons-lisensar gir deg høve til å dele verka dine med andre og til å gi dei ulike typar bruksrett. Dei gir deg også høve til å bruke verk andre har laga. Eit verk som ikkje er merkt med CC-lisens, er automatisk verna under den vanlege åndsverkslova.

1. Finn CC-lisensiert innhald

I tenestene nedanfor kan du finne innhald du kan bruke fritt i ditt eige arbeid og publisere vidare ut på internett. Husk å oppgi namn på opphavar og tittel på verk, og rett lisens.

Bilete og videoklipp

Wikimedia Commons – her finst bilete, lydklipp og videoar. Hugs å sjekke lisensiering.

Image After – søkbar database med bilete som kan brukast fritt. Lisensiering for desse bileta finn du under "Terms of Use".

Stockvault – her finst det mange bilete som kan brukast. Lisensiering for bileta kan du lese om under "Info/Terms of Use".

Lyd og musikk

Partners in Rhyme – her finst lydeffektar til fri bruk. Ver merksam på at det finst mange ressursar på denne nettstaden, men ein del av dei kostar. Lydeffektane vi har lenka til her, er gratis.

The Freesound Project – det krevst registrering for å laste ned lydspor herfrå, men desse kan fritt brukast. Lydspora er lisensierte med ein eigen CC-lisens som heiter Sampling Plus 1.0.

Soungle – lydar til fri bruk

Soundsnap – på denne nettstaden kan ein laste ned opptil fem gratis lydspor per månad. Krev registrering.

Urørt – gir deg tilgang til gratis ny norsk musikk via Urørt på P3. For å få full tilgang må du registrere deg.

2. Produser og lisensier arbeidet ditt

Bruk verktøyet til å finne ein lisens som passar for deg.

Utforsk Creative Commons-lisensiering

3. Publiser arbeidet ditt

Finn ein kanal der det er naturleg å publisere arbeidet ditt.

Relatert innhald

Her ser vi på kva som vert rekna som plagiat. Du får skrive eit par avsnitt der du bruker direkte og indirekte sitat frå kjelder som utgangspunkt for egne innspill.

CC BY-SASkrive av Marita Aksnes, Torgrim Gram Økland og Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 21.01.2022

Læringsressursar

Referansar og lisensar