Hopp til innhald

Fagstoff

Journalistikk

Journalistikk er det å hente inn, omarbeide og formidle nyheiter og opplysningar til publikum gjennom ulike medium som aviser, magasin, radio, fjernsyn eller internett.
Kameramann og journalist i intervjusituasjon med snakkeboble. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Journalistikk er informasjon om noko som faktisk finst eller har hendt. Journalistikken har eit samfunnsoppdrag som i Noreg er formulert gjennom Ver Varsam-plakaten. Journalistar er folk som jobbar med journalistikk.

Journalistikkens rollar

Journalistikken har mange ulike roller i samfunnet:

  • å informere borgarane
  • å gi kunnskap og informasjon om folks rettar
  • å avdekke lovbrot og verne folk frå korrupsjon gjennom den såkalla «vaktbikkje»-funksjonen
  • å tene som ein tovegs kanal mellom dei folkevalde og folket
  • å vere identitetsskapande ved å tilby eit breitt spekter av moglege roller folk kan innta

Redaksjonelt sjølvstende og objektivitet

Redaksjonelt sjølvstende har stått som ein sentral premiss for norsk journalistikk sidan partipressa vart gradvis svekt og forsvann rundt 1980. Tidlegare var det vanleg at avisene opererte som politiske organ med tette band til dei politiske partia.

Journalistikken har gjennomgått ein profesjonaliseringsprosess der objektiviteten har vorte opphøgd som ein sentral premiss. Idealet til journalistikken har dei siste tiåra følgjeleg vore å vere fri frå bindingar, frå kommersielle interesser og skjulte dobbeltroller.

Journalisten og samfunnsoppdraget

Ein journalist forankrar ofte praksisen sin i samfunnsoppdraget og presseetikken og blir slik ein sosialt ansvarleg samfunnsaktør. Journalistikken skal belyse ei sak frå fleire sider, han skal gjerne vere undersøkjande og nytte ei breidde av kjelder, og kjeldene skal primært vere opne slik at folk sjølve kan undersøkje dei. Pålitelegheita, kompetansen og motivet til alle kjelder skal kritisk vurderast. Fakta skal sjekkast. Blir nokon angripne, skal vedkommande samtidig eller snarast mogleg få svare på kritikken eller skuldingane.

Utfordringar for journalistikken

Inntoget av internett har utfordra dei tradisjonelle finansieringsformene til journalistikken. Ver Varsam-plakaten vart revidert i 2015 for å styrke prinsippa i journalistikken i møte med nye typar reklame som til dømes innhaldsmarknadsføring. Det skal vere klart for publikum kva som er kommersielt og kva som er redaksjonelt innhald.

Den seinare tida er journalistikken utsett for press frå såkalla falske nyheiter eller misinformasjon som kan svekke folk sin tillit til pressa og vere til hinder for demokratiet.

Om artikkelen

Artikkelen er henta frå Store norske leksikon, https://snl.no/journalistikk .

CC BY-SASkrive av Kristine Skare Orgeret. Rettshavar: Store norske leksikon
Sist fagleg oppdatert 13.03.2020

Læringsressursar

Ytringsfridom og ytringsansvar