Hopp til innhald
Oppgåve

Repetisjon: Ytringsfridom

Jobb saman i par. Noter svar på spørsmåla. Deretter samanliknar og diskuterer de svara. Slik kan de hjelpe kvarandre til større innsikt.
  • Kva meiner vi med ordet ytringsfridom?
  • Kva meiner vi med pressefridom?
  • Korleis heng pressefridom og ytringsfridom saman?
  • Kva vil det seie at Grunnlova sikrar oss ytringsfridom?
  • Kva for ord bruker vi for å beskrive informasjons-, kritikk- og debattfunksjonen til pressa?
  • I kva for delar av verda er pressefridom mindre sjølvsagd?
  • Kva tyder sensur?