Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Valthriller i USA

Presidentvalet i USA engasjerte mange hausten 2020. Joe Biden vann valet og blir den 46. presidenten i USA. I denne oppgåva skal du lage enkét og podkast-intervju om presidentvalet.
Joe Biden smiler fra talerstolen, amerikansk flagg i bakgrunnen
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ein enkét er eit intervju der same spørsmål blir stilt til fleire personar. Denne forma for intervju blir brukt i både aviser, radio og tv. Ofte er formålet å formidle informasjon om kva vanlege folk meiner om eit bestemt spørsmål.

Arbeidsppdrag 1: Video-enkét om presidentvalet i USA

Du jobbar som journalist i skuleavisa og har fått i oppdrag å lage ein video-enkét om presidentvalet i USA. Enkéten skal filmast med mobiltelefon eller videokamera. Du skal lage to spørsmål og intervjue fire ulike personar. Kvar av dei fire skal svare på begge spørsmåla.

Døme på enkét-spørsmål

  • Kva tenkjer du om at Joe Biden vann presidentvalet i USA?
  • Korleis trur du Joe Biden vil fungere som president?
  • På kva måte kan dette jamne valresultatet skape splitting i USA?
  • Kvifor er det så stor interesse for det amerikanske valet her i Noreg?

Framgangsmåte

  • Korleis førebu og gjennomføre intervju til ein enkét? Les gjennom relatert artikkel "Den journalistiske arbeidsprosessen".
  • Formuler to opne spørsmål du skal stille til intervjuobjekta dine.
  • Finn relevante og gode intervjuobjekt. Det er bra om du klarer å finne intervjuobjekt som gir deg varierte og ulike svar.
  • Du kan filme intervjua med mobiltelefon eller videokamera. Bruk mikrofon om du har tilgang på det, og ver medviten på lyd- og lysforhold.
  • Hugs: Du jobbar som journalist, og saka skal vere basert på verkelege menneske med reelle synspunkt og svar.
  • Til slutt redigerer du saka og gjer ho klar for publisering.
USAs 45. president Donald Trump. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge






Relatert innhald

...
Opne bilete i eit nytt vindauge

Arbeidsoppdrag 2: Podkast-intervju om presidentvalet i USA

Tidenes valthriller

Presidentvalet i USA blei svært jamt, og det tok lang tid før valvinnaren var klar. Lag eit podkast-intervju med ein ung person der du tek for deg spørsmål rundt presidentvalet i USA.

1: Førebu intervjuspørsmål

Du bør ha minst seks opne spørsmål til intervjuobjektet ditt klart før du startar podkast-intervjuet.

Opne og lukka spørsmål


Eit lukka spørsmål har som regel ja eller nei som svar. Opne spørsmål er spørsmål som inviterer intervjuobjektet til å fortelje med eigne ord.
Tenk gjennom korleis du formulerer spørsmåla dine. Du vil som regel få mykje meir ut av eit ope enn av eit lukka spørsmål.

2: Gjennomfør intervjuet

Du kan gjere lydopptak av intervjuet med ein mobiltelefon. Ver medviten på lydforholda under opptakssituasjonen og ta lydsjekk før du startar intervjuet. Still spørsmåla dine, lytt aktivt til svara du får. Still oppfølgingsspørsmål dersom det er nødvendig.

3: Etterarbeid og publisering

Rediger intervjuet og sørg for at lyden er jamn gjennom heile intervjuet. Sjekk at informasjonen du vidareformidlar, er korrekt. Avtal innlevering av arbeidet og eventuell publisering med læraren din.


Refleksjonsoppgåve

Diskuter desse spørsmåla med personen du sit ved sida av:

  • Kvifor er det viktig å vere godt førebudd i forkant av intervju som dette?
  • Korleis jobba du med intervjuteknikk i desse produksjonane?
  • Kva for tekniske omsyn måtte du ta i samband med produksjonane?
  • Støytte du på nokon utfordringar undervegs i arbeidsprosessen?
  • Kva lærte du av denne prosessen?
CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-H.
Sist fagleg oppdatert 04.11.2020

Læringsressursar

Ytringsfridom og ytringsansvar