Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Teknologi i interiør

Høgtalarar er eitt av fleire høgteknologiske produkt som blir viktige i heimen i framtida. Lyd, både inn og ut, kan styre mykje av annan teknologi i huset. I denne oppgåva skal de integrere høgtalarar i møblar eller anna inventar og lage eit nytt design.
Ein smarthøgtalar med strekar ut til ulike ikon. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1: Smarthus

  1. Sett dykk inn i kva teknologi betyr. Hent gjerne inspirasjon frå nettsider eller YouTube for å sjå på korleis teknologi blir brukt i heimen.
  2. Vi ser at fleire bruker framtidsretta hus i marknadsføring. Rema 1000 har valt å bruke humor i reklamen sin om tredemølla. Sjå reklamefilmen Smarthus 2 på YouTube, og diskuter:
  • Kva for nokre positive sider er det ved smarthus?
  • Korleis kan de kombinere tradisjonelle produkt med smart-teknologi?
  • Kva utfordringar kan teknologi skape?

To bein på eit teppe framfor ein tv med høgtalarar under og på sidene. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 2: Høgtalarar

Tradisjonelt sett har høgtalarane vore firkanta klossar som har vore plasserte på strategiske stader i eit rom. I framtida kan vi få fleire produkt der teknologi og tradisjonelt design er smelta saman.

Undersøk korleis møbelprodusentar og leverandørar av lydanlegg har gått saman for å utvikle nye produkt. Eit døme er IKEA sitt samarbeid med SONOS. Designarane har jobba i mange månader for å utvikle ei lampe med integrert høgtalar. Sjå reklamefilmen reklamefilmen SYMFONISK's new sonic possibilities på YouTube.

Del 3: Design eit produkt med integrerte høgtalarar

  1. Vel eit produkt som du vil integrere høgtalarar i. Du kan tenke møblar, som til dømes ein sofa eller eit bord, eller du kan velje interiør som har meir faste plassar, som hyller, taklamper eller skap. Høgtalarar kan òg integrerast i biletrammer, blomsterpotter eller anna inventar.
  2. Tenk gjennom kven som vil kjøpe produktet ditt, og lag eit moodboard som viser målgruppa.
  3. Tenk ut kva du vil oppnå med designet ditt. Hugs at produktet skal passe inn i ein vanleg heim, og at det skal vere lett å bruke. Lag idéskisser til eit nytt design.

    Dette må du ta omsyn til:
    Høgtalaren får trådlause lydsignal, men han må ha tilgang til straum frå eit straumpunkt.

    Høgtalarane har bestemde storleikar. Du kan velje mellom:

    • breidde: 10 cm, djupne: 15 cm, høgde: 31 cm
      (passar til flate område),
    • breidde: 12 cm, djupne: 12 cm, høgde: 16,2 cm(passar til meir frittståande objekt)
  4. Tenk ut kva materiale du skal bruke. Kva materiale kan passe inn i dei fleste heimar?
  5. Lag handskisser som viser prosessen. Forklar kva du har tenkt med små kommentarar på den endelege skissa.
  6. For små objekt kan modellkitt brukast i formingsprosessen. Dersom du har tilgang til 3D-skrivar, overfører du designet ditt til eit teikneprogram som kommuniserer med skrivaren.
  7. Lag ein modell i aktuell målestokk, til dømes 1:5.

Del 4: Presentasjon

Lag ein digital presentasjon der du viser fram prosessen din og det ferdige produktet. Vurder korleis designet er tilpassa målgruppa, og korleis du har brukt teknologi og materiale.

CC BY-SASkrive av Gunn Elin Birkenes og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 07.04.2020

Læringsressursar

Livsløpet til materiale og produkt