Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Rettferdig pris på klede

Får dei som lagar kleda våre, ei lønn det går an å leve av, eller går det ut over andre når vi kjøper billege klede? Er prisen på kleda våre rettferdig?
Kinesiske kvinner syr klede på ein fabrikk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kleda våre kostar det same som i 1980

I dag kostar dei kleda vi kjøper i Noreg, omtrent det same som dei gjorde i 1980-åra. I den same perioden har lønningane auka. I praksis betyr dette at klede er mykje billegare no enn det var i 1980-åra.

Dette kjem stort sett av at vi begynte å importere klede frå Kina og andre land med låge produksjonskostnader.

I desse landa er lønningane mykje lågare enn i Noreg. Det er ikkje nødvendigvis eit problem, for det kjem an på kva det kostar å bu i det aktuelle landet.

Graf som viser konsumprisindeksen for klær og import fra Kina til Norge. Importen fra Kina var svært liten på 1990-tallet, men øker eksponentielt fram til 2022. Konsumprisindeksen på klær er på 100 i 1980, øker til 210 på 1990-tallet, for så å synke jevnt ned mot 100 fram til 2010. Fra 2010 fram til 2022 har indeksen vært nokså stabil. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Undersøk om prisen vi betaler for klede i Noreg, er rettferdig

Framtiden i våre hender er ein miljøorganisasjon som arbeider for grønt forbruk og rettferdig fordeling av ressursane i verda (Wikipedia, 2020). I 2018 gjennomførde dei ein kampanje om rettferdig pris på klede:

Oppgåve 1. Kva meiner vi med rettferdig pris?

Ei forklaring på kva vi meiner med rettferdig pris, kan vere dette:

Rettferdig pris for klede er at dei som er involvert i produksjonen av dei kleda vi kjøper, får ei lønn som det går an å leve av der dei bur.

  1. Diskuter forklaringa. Er de einige i ei slik forklaring? Foreslå endringar.

  2. Kva kriterium bør vere med i ein rettferdig pris?

Oppgåve 2. Lag ein rettferdskalkulator

  1. Ta utgangspunkt i eit konkret klesplagg.
  2. Finn ut kva plagget kostar (i Noreg) og der det er produsert.
  3. Finn ut kva ein tekstilarbeidar tener i landet der plagget er produsert.
  4. Lag ein "kalkulator" som reknar ut rettferdig pris for klede produsert i aktuelle land.
  5. Rekn ut "riktige" prisar på klede, basert på kalkulatoren de har laga. Lag ei "tilbodsavis" med nye prisar.
  6. Trur de folk vil betale rettferdig pris for kleda? Lag ein hypotese, og gjennomfør ei undersøking.

Ressursar

Finn levekostnader i ulike land hos NUMBEO (engelsk).

Finn lønnsnivå for ansatte i tekstilindustri på Payscale (engelsk).

Kjelder

Framtiden i våre hender (2018). Sammen om verden. Henta 2. mars 2020 frå https://www.facebook.com/pages/biz/sammen-om-verden-1811738132463725/

Framtiden i våre hender. (2020, 20. juli). I Wikipedia. https://no.wikipedia.org/wiki/Framtiden_i_v%C3%A5re_hender

Kvamme, O.A. og Sæther, E. (2019). Bærekraftsdidaktikk. Bergen: Fagbokforlaget.

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 26.02.2020

Læringsressursar

Livsløpet til materiale og produkt