Hopp til innhald

Du er no inne i ein læringssti

Sjå video, og reflekter

CC BY-SA

Sjå videoen nedanfor, og reflekter over følgjande spørsmål:

  • Kva synest du om vektaren si handtering av denne situasjonen?
  • Kva ville du ha gjort vidare viss du var vektaren?

Kort samandrag av videoen:

Ein rusa mann kjem gåande mot ein vektar og mister ei drikkeflaske i bakken. Vektaren ser forbausa på mannen og seier: "Går det bra eller, kompis?" Mannen svarer: "Veit du kva, det skal du drite i, trur eg." Mannen verkar forvirra, og vektaren tek mannen venleg på armen og seier: "Eg trur kanskje du skal heim og slappe av litt, eg." Den rusa mannen hissar seg opp, kastar seg så ned på bakken og roper: "Vald, vald! Skal eg ringe advokaten min, eller? Hæ? No er du ferdig!"