Sirkelen med si perfekte form, solas og månens form, har fascinert matematikarar, astronomar og filosofar i tusenvis av år.
Det finst eit bestemt forhold mellom omkrinsen og diameteren av ein sirkel. Oppdaginga av, og jakta på dette forholdstalet, som har fått nemninga , er kanskje den enkeltsaka som har opptatt flest matematikarar gjennom tidene.
Til vanleg runder vi av talet til . Men jakta på desimalar i talet går for fullt. Etter «Illustrert Vitenskap» for mars 2012 har Shigeru Kondo og Alexander Yee no klart, etter eitt års rekning, å bestemme ti billionar desimalar.
Ein japanar lærte seg 100 000 desimalar utanåt. Han måtte bruke 16 timar for å seie dei fram.
Omkrinsen av ein sirkel er lik diameteren multiplisert med talet .