Hopp til innhald
Oppgåve

Bjørkefoss rideskule lagar anbod

Neste sommar ønskjer kommunen å tilby rideleir for ungdommar mellom 12 og 18 år. Dei lagar ein anbodskonkurranse, og fleire rideskular kjem med anboda sine. Hjelp Bjørkefoss rideskule å lage det beste anbodet slik at dei vinn konkurransen.

Rideskulen treng meir informasjon om rideleiren dei skal arrangere før dei kan lage anbodet. Kommunen har laga ein kravspesifikasjon der dei beskriv alt som må med i anbodet. Den finn du her:

Kravspesifikasjon for rideleir

To rideleirar for ungdom i alderen 12 til 18 år

Tidsrom: Veke 26, frå og med måndag 28. juni til og med fredag 2. juli, og veke 31, frå og med måndag 2. juli til og med fredag 6. juli

Varigskap: To rideleirar som kvar varer i 5 dagar

Tal: Åtte deltakarar i kvar av vekene det blir tilbydd rideleir

Leiarar: To erfarne ridelærarar/leiarar for kvar veke

Opplegg: Rideskulen lagar program for rideleir. Deltakarane blir tilbydde riding kvar dag unnateke måndag. Den første dagen startar rideleiren kl. 14.00. Då blir det halde informasjonsmøte, og ungdommane helser på hestane. Deltakarane skal lære om og delta i stell av hestane og anna arbeid i stallen, i tillegg til at dei skal vere med på rideturar. Deltakarane kjem med buss til rideskulen kl. 10.00 og blir henta kl. 17.00. Rideleiren blir avslutta fredag kl. 14.00.

Kost og losji: Overnatting blir ordna av kommunen og blir organisert på næraste skule. Kommunen ordnar òg buss mellom overnattingsstad og rideskulen. Rideskulen er ansvarleg for å tilby lunsj til deltakarane tysdag til fredag.

Utstyr: Rideskulen må kunne låne ut ridehjelmar, og dei skal desinfiserast før og etter kvar enkelt rideleir. Deltakarane må sjølv ta med eigna sko eller støvlar. Rideskulen må kunne tilby hyppig handvask og ha generelt høgt fokus på smittevern. Alkoholbaserte handdesinfeksjonsmiddel må vere tilgjengeleg for deltakarane.

Rideskulen må saman med kommunen lage eit informasjonsskriv om påmelding til rideleirane innan 12. april. Innan 1. juni blir det sendt ut eit informasjonsskriv til deltakarar som har fått plass. Det er kommunen som fordeler plassane, mens rideskulen er ansvarleg for oppfølging av deltakarar etter at dei har fått deltakarlista frå kommunen.

Bjørkefoss rideskule meiner dei bør ha 11 hestar klare til rideleir. Då har dei nok til 8 deltakarar og 2 leiarar og ein ekstra hest i tilfelle noko skulle skje. Dei veit at kvar hest treng 4 kilo kraftfôr og 8 kilo høy kvar dag i perioden med rideleir. Ein sekk med kraftfôr på 25 kilo kostar 174 kroner. Ein rundball med høy kostar 920 kroner og veg 350 kilo. Prisane er utan meirverdiavgift.

Oppgåve 1

a) Kor mange kilo kraftfôr og høy trengst til saman for å fôre dei 11 hestane i 2 veker? Vi bruker arbeidsveker med 5 dagar.

Fasit

Det trengst 440 kilo kraftfôr og 880 kilo høy.

b) Kor mange heile sekkar kraftfôr og rundballar med høy treng Bjørkefoss til dei 2 vekene med rideskule?

Fasit

Dei treng 18 heile sekkar kraftfôr og 3 rundballar med høy.

c) Kor mykje kostar det å fôre dei 11 hestane per dag? Hugs å leggje til 25 prosent meirverdiavgift.

Fasit

Det kostar 3 915 kroner for kraftfôr og 3 450 kroner for høy.

Oppgåve 2

a) Rideskulen bereknar at dei skal ha to ridelærarar til stades heile tida. I tillegg får ridelærarane betalt for ein halv time ekstra kvar dag, sidan dei må førebu litt før deltakarane kjem. Kor mange arbeidstimar må rideskulen berekne til saman?

Fasit

Rideskulen må berekne 118 arbeidstimar.

b) Ridelæraren Mads tener 175 kroner per time, mens assistent Aisha tener 16 prosent mindre. Kva blir timelønna til Aisha?

Fasit

Timelønna til Aisha er 147 kroner per time.

c) Det skal ikkje bereknast meirverdiavgift på rideundervisning. Både Mads og Aisha har frikort og betaler ikkje skatt, men arbeidsgivar må leggje til 10,2 prosent av lønna til feriepengar. Kva blir lønnskostnadene samanlagd for dei to ridelærarane for begge vekene? Rund av svaret til heile kroner.

Fasit

Lønnskostnadene blir til saman 20 936 kroner.

Hestane må ha utstyr som sal og hovudlag. Utgiftene blir fordelte på ein lengre periode og blir berekna til 640 kroner eksklusiv meirverdiavgift. Utgifter til leige og vedlikehald av stall er 4 000 kroner, og her skal det ikkje leggjast til meirverdiavgift.

Ridehestar må skoast jamleg, og rideskulen bereknar at dei bruker 350 kroner per hest på hovslagar. Veterinærkostnader blir berekna til 200 kroner per hest. Utgiftene er berekna for dei to vekene Bjørkefoss arrangerer rideleir. Både hovslagar- og veterinærtenester skal ha 25 prosent meirverdiavgift i tillegg.

Utgifter til lunsj er 36 kroner per person eksklusiv meirverdiavgift. Rideskulen budsjetterer òg med lunsj til begge ridelærarane. Antibac kostar 195 kroner per flaske eksklusiv meirverdiavgift, og rideskulen treng 3 flasker per veke.

Oppgåve 3

Lag anbodet frå Bjørkefoss rideskule ved hjelp av rekneark. Bruk sjølvkostmetoden, og legg inn 30 prosent forteneste. Sjå løysingsforslag i fila under.

Oppgåve 4

Kva må fortenesta vere i prosent dersom rideskulen ønskjer å halde salsprisen på anbodet rett under 52 000 kroner? Vis utrekning.

Fasit

Fortenesta bør vere på 21 prosent.

Oppgåve 5

Rideskulen får tak i kraftfôr til 5,5 kroner per kilo inklusiv meirverdiavgift. Det blir selt i sekkar på 30 kilo. Set inn dei nye tala i reknearket ditt.

Oppgåve 6

Kva kostnader kan ein prøve å redusere for å vinne anbodet? Presenter forslaget ditt ved hjelp av justeringar i reknearket.


Relatert innhald

Fagstoff
Sjølvkostmetoden

Det finst mange ulike måtar å fastsetje prisen på eit produkt på. Her skal vi sjå på korleis vi kan bruke sjølvkostmetoden for å kome fram til rett pris.