Oppgåve
Lyngdal Mote AS
I denne oppgåva skal du rekne ut ulike økonomiske storleikar i kalkylane til klesforretninga Lyngdal Mote.
I september selde Lyngdal Mote AS varer for 452 000 kroner. Varekostnaden var 275 000 kroner. Dei indirekte kostnadene utgjorde 65 000 kroner. Alle beløp er utan meirverdiavgift.
- Rekn ut bruttofortenesta i kroner og i prosent.
- Rekn ut dei indirekte kostnadene i prosent.
- Rekn ut sjølvkost.
- Rekn ut fortenesta i kroner og i prosent.
Her kan du sjå utrekningane i eit rekneark:
Filer
- Lyngdal Mote AS(XLSX)