Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Godshandtering

I denne oppgåva skal du jobbe med kompetansemål frå faga bransjeteknikk og transport og logistikk.

Vis kva du kan om handtering av gods!

Ein truck lastar ein semitrailer. Foto.

Det skjer dagleg på norske terminalar og lastebilar at gods blir skadd. Ofte er årsaka at den som handterer godset, manglar kunnskap. Derfor er det viktig at du veit korleis du handterer gods rett, og har skaden først oppstått, må du også kunne handtere den på ein god måte.

Denne oppgåva tek for seg viktige tema som fraktdokumentasjon, sikring av last, handtering av farleg gods og handtering av skadar på gods. Oppgåva eignar seg godt til gruppearbeid, så jobb gjerne saman med nokon.

Hjelpemiddel

  • kalkulator
  • vegtrafikklova
  • vegfraktlova
  • arbeidsmiljølova
  • tollova
  • ADR-boka

Oppgåve 1

  1. Kva for lovføresegner skal førebygge skadar på gods?
  2. Kva for råd vil du gi ein kunde som skal sende verdifullt gods?
  3. Kva gjer du dersom du får skadd gods for transport?
  4. Korleis pliktar du som sjåfør å sikre godset du transporterer? Gi døme på metodar du kan bruke for å sikre lasta di.

  5. For å få til effektiv transport må også alt arbeid på terminalane bli gjort så raskt og effektivt som mogleg. Ut frå den kunnskapen du har: Kva kan gjerast for å bruke tida på terminalen effektivt?

Oppgåve 2

Tenk deg at leverandør Gunnar Hovde skal sende ti flasker med sveisegass (acetylen) frå Hamar til Sandnes. Han kjem til deg på godsterminalen for å få hjelp til utfylling av dei nødvendige dokumenta og til eventuelle andre nødvendige gjeremål. Mottakar av flaskene er A/S Punktsveis i Sandnes, kontaktperson Knut Pedersen.

  1. Kva slags informasjon og hjelp treng Gunnar Hovde?

  2. Skriv ut dei nødvendige dokumenta.

  3. Kva kjem du til å passe på at sjåføren som hentar flaskene, gjer?

Relatert innhald

Heldigvis er ulykker med farleg gods nokså sjeldne. Du må vere medviten om ansvaret du har, for skjer det først noko, kan konsekvensane bli store.

CC BY-SASkrive av Morten Gunnar Plassen.
Sist fagleg oppdatert 15.12.2022

Læringsressursar

Persontransportsystem