Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Programmering og funksjonsdrøfting

Vi kan lage program som gjer dei ulike operasjonane i funksjonsdrøfting for oss.

3.4.50

Vi ønskjer å lage eit program som kan gjere funksjonsdrøftinga av vilkårlege andregradsfunksjonar for oss. Programmet skal kunne ta imot ein vilkårleg andregradsfunksjon og gjere følgjande:

  • skrive ut den deriverte funksjonen
  • drøfte monotonieigenskapane til funksjonen
  • finne eventuelle nullpunkt til funksjonen
  • finne toppunktet (eller botnpunktet)
  • finne skjeringspunktet med andreaksen
  • teikne grafen (som ein kontroll på at det programmet kjem fram til, er rett)

Hugs å skrive algoritmen til programmet først. Ta med forklarande tekstar.

3.4.51

Gjer det same som i den førre oppgåva, men no skal det gjerast med ein vilkårleg tredjegradsfunksjon.

CC BY-SASkrive av Bjarne Skurdal.
Sist fagleg oppdatert 26.04.2020

Læringsressursar

Samling av programmeringsoppgåver