Eit program som skal finne den deriverte funksjonen til ein funksjon, må kunne ta imot funksjonen frå brukaren.
Den enklaste typen funksjonar å derivere er polynomfunksjonar. Vi ser på andregradsfunksjonar først.
a) Spørsmål
Korleis ser ein generell andregradsfunksjon ut?
Løysing
Vanlegvis skriv vi ein generell andregradsfunksjon som
Brukaren av programmet treng derfor berre skrive inn dei tre konstantane og . Ut ifrå desse tre må vi klare å kome fram til den deriverte.
I artikkelen Korleis finne den deriverte funksjonen ved rekning har vi at er den verdien uttrykket
ΔyΔx=fx+Δx-fxΔx
nærmar seg mot når Δx går mot null.
b) Utrekning
Finn den deriverte funksjonen til den generelle andregradsfunksjonen ved å bruke definisjonen over.
Løysing
ΔyΔx = fx+Δx-fxΔx=ax+Δx2+bx+Δx+c-ax2+bx+cΔx=ax2+2x·Δx+Δx2+bx+b·Δx-ax2-bx-cΔx=ax2+2ax·Δx+aΔx2+bx+b·Δx-ax2-bx-cΔx=2ax·Δx+b·Δx+aΔx2Δx=Δx2ax+b+a·ΔxΔx=2ax+b+a·Δx
No kan vi la Δx gå mot 0 utan problem. Då forsvinn det siste leddet, og vi får
f'(x)=2ax+b
c) Algoritme
Skriv algoritmen til eit program som tek imot konstantane a, b og c, og skriv ut både funksjonen og den deriverte funksjonen. Hugs at algoritmen skal innehalde gode forklarande tekstar som viser kva programmet gjer.
Løysingsforslag
- Skriv til skjermen "Dette programmet deriverer ein vilkårleg andregradsfunksjon.".
- Skriv til skjermen "Programmet går ut ifrå at funksjonen er på forma f(x) = ax^2 + bx + c.".
- Skriv til skjermen "Skriv inn konstanten a:".
- Ta imot verdien frå brukaren, og set han lik variabelen
a
. - Skriv til skjermen "Skriv inn konstanten b:".
- Ta imot verdien frå brukaren, og set han lik variabelen
b
. - Skriv til skjermen "Skriv inn konstanten c:".
- Ta imot verdien frå brukaren, og set han lik variabelen
c
. - Rekn ut produktet av 2 og variabelen a, og set resultatet lik variabelen
produkt
. - Skriv til skjermen "f(x) =
<a>
x^2 + <b>
x + <c>
". - Skriv til skjermen "f´(x) =
<produkt>
x + <b>
".
Det er brukt vinkelparentesar på dei to siste linjene i algoritmen for å markere at her er det verdien av variabelen vi meiner.
d) Koding
Skriv koden til programmet, og test at det fungerer slik det skal.
a) Utrekning, algoritme og koding
Vi ønskjer at brukaren skal kunne skrive inn ein tredjegradsfunksjon i programmet i oppgåve 3.4.30.
Gjer det same som i heile den førre oppgåva, men no med ein tredjegradsfunksjon.
b) Spørsmål
Treng vi programmet i oppgåve 3.4.30 når vi har laga eit tilsvarande program for tredjegradsfunksjonar?
Gjer det same som over, men no med ein generell rasjonal funksjon av typen
fx=ax+bcx+d
Gjer det same som over, men no med funksjonen
f(x)=ax-2