Byggje datamaskin
Det er viktig at komponentane som skal vere i datamaskinen, passar saman. Dette må du sørgje for når du kjøper dei. Eksempelvis må du sørgje for at prosessoren passar i sokkelen (eng: socket) på hovudkortet. Du må også passe på at du har kjøpt riktige minnebrikker, og at dei passar til hovudkortet.
Når du skal byggje ein datamaskin, bør du gjere klart nødvendig verktøy for å gjennomføre jobben. For å montere dei ulike delane treng du ein stjerneskrutrekkar for å skru dei fast. Til kabinett følgjer det ofte med såkalla «thumbscrews» som kan skruast fast med fingrane. Det kan også vere lurt å bruke strips for å organisere kablane slik at kabinettet blir meir ryddig. Ved å ta i bruk eit ESD-armband, eit såkalla antistatisk armband, vil du kunne sikre deg mot statisk elektrisitet. Krinskort er ømfintlege for statisk elektrisitet, og i verste fall risikerer du å øydeleggje komponentane dine. Dersom du ikkje har tilgang til slikt utstyr, kan du jorde deg ved for eksempel å ta på kabinettet.
Før du begynner å byggje datamaskinen, kan det vere lurt å setje seg inn i retteiingane til dei ulike komponentane du skal montere. Her kan det stå informasjon som både er nyttig og viktig for at du skal unngå å gjere feil. Sørg for at du tek vare på monterings- og brukarrettleiingar. Dei kan vere nyttige dersom du seinare må oppgradere eller feilsøke maskinvara i datamaskinen. Desse rettleiingane kan også lastast ned frå nettsidene til produsentane dersom du ønskjer dei i digitalt format.