Hopp til innhald

Fagstoff

Val av operativsystem

Eit operativsystem er ei programvare som styrar maskinvaren. Det gir programvare og brukaren eit grensesnitt å forholda seg til.
windows 7. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kvar enkelt maskinvarekomponent har ein drivar som blir kontrollert av operativsystemet slik at verken brukaren eller anna programvare treng å tenkje på kva slags komponent som blir brukt. Dette kan forklarast med eit enkelt døme: Brukaren ber om å lagre ei fil til harddisken, operativsystemet tek seg av kommunikasjonen med harddisken via ein hardiskkontroller. Brukaren eller programvara merkar ikkje kva type hardisk eller harddiskkontroller som står i maskinen.

Grensesnitt (UI)

Skjerm viser BIOS. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Grensesnittet for brukarar blir kalla brukargrensesnitt, på engelsk User Interface eller forkorta UI. All kommunikasjon mellom maskin og brukar går via brukargrensesnittet. Dei fleste operativsystema for personlege datamaskinar har eit grafisk brukargrensesnitt (GUI). På serversida er det derimot ganske vanleg å berre ha eit tekstbasert brukargrensesnitt.

Operativsystem finst i mange variantar og i ei rekkje einingar. Ein smart-TV, ein mobiltelefon, ein ruter, ein datamaskin og eit moderne ventilasjonssystem treng alle eit operativsystem.

Av dei mest kjende operativsystema i dag finn vi Windows-familien frå Microsoft, BSD-baserte operativsystem (mellom anna OSX og iOS frå Apple), Linux-baserte operativsystem og UNIX-baserte operativsystem. Utviklinga av operativsystem har ei komplisert historie: Ein kan kalle både OSX, BSD-variantane og Linux-variantane UNIX-liknande operativsystem.

Meir om UNIX på Wikipedia.

Microsoft Windows

Microsoft har hatt stor suksess med sin Windows-familie, særleg når det gjeld personlege datamaskinar. Gode avtalar med maskinvareprodusentane gjer at ein stor del av personlege datamaskinar blir leverte med Windows ferdiginstallert frå butikken. Nær sagt alle maskinvareleverandørane leverer driverar til Windows. Ein annan fordel er at Windows-familien er kjend for støtte mykje programvare. Ulemper med operativsystem frå Windows-familien er at dei er forholdsvis ressurskrevjande og ikkje så fleksible som enkelte brukarar ønskjer. Dei er òg særleg utsett for skadeprogramvare, i stor grad på grunn av at så mange bruker operativsystema.
Microsoft leverer òg operativsystem for mobiltelefonar og tenarar (servarar).

iMac med OSX. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

BSD-baserte operativsystem, som Apple OSX og iOS

Apple leverer to greiner med operativsystem: OSX for datamaskinar og iOS for mobiltelefonar og nettbrett. Desse er i utgangspunktet BSD-baserte operativsystem, men på grunn av relativt store endringar og posisjonen dei har i marknaden, fortener dei ein eigen omtale her. Fordelen med operativsystema frå Apple er at dei er enkle å bruke, og at dei fungerer svært stabilt på einingane dei blir leverte til. Ulempene er at dei er lite fleksible, og at dei støttar ein svært liten del av maskinvarene som finst på marknaden. Både fordelane og ulempene kjem av at operativsystema til Apple blir leverte saman med heilt spesifikk maskinvare. Andre BSD-baserte operativsystem blir brukte i ein del serverar og til ruterar og andre integrerte system. Det er naturleg å tenkje at Apple jobbar med å få eitt samla operativsystem.

Meir om BSD-baserte operativsystem på Wikipedia.

Linux-baserte operativsystem

Linux er ikkje eit operativsystem. Det er ei operativsystemkjerne som er fri å bruke og endre. Dette har resultert i et utal variantar av Linux-baserte operativsystem. Aller mest kjent av desse er per i dag mobil- og nettbrettoperativsystemet Android. For personlege datamaskiner er Ubuntu, Mint, Debian og Fedora nokre få av dei mest kjende.

Linux-baserte operativsystem er svært utbreidde på tenarsida, spesielt på grunn av nettenarapplikasjonen Apache. Fordelane med Linux-baserte operativsystem er at dei er svært fleksible, støttar mykje maskinvare og i utgangspunktet krev lite ressursar. Dette er årsaka til at Linux-baserte operativsystem er populære i dedikerte maskinar som ventilasjonsstyringssystem, låsstyringssystem, ruterar og anna. Dei er òg i utgangspunktet gratis (det finst betalversjonar). Ulempene er at dei ikkje støttar ein del populær programvare, og at mange versjonar er vanskelege å bruke. Det kan i tillegg vere vanskeleg å finne drivarar til ulike komponentar, for eksempel til webkamera.

Korleis velje operativsystem?

Val av operativsystem heng saman med val av maskinvare. Er maskinvara gitt, eller skal det kjøpast ny? Kva slags funksjonalitet er ein ute etter? Kven er det som skal bruke operativsystemet? Kva for eit miljø skal operativsystemet inn i? Er det spesifikk programvare som skal nyttast av brukeren? La oss sjå på eit par eksempelsaker:

  1. Ein skal installere programvare på ein ruter eller setje opp ei eldre datamaskin som ein ruter. Valet vil vere rimeleg enkelt: Linux- eller BSD-baserte løysingar eignar seg best.
  2. Ein grafisk designar som bruker programmet Adobe Photoshop i arbeidet, treng ein ny datamaskin. Valet vil stå mellom Windows og OSX fordi disse operativsystema er dei einaste som støttar Photoshop på ein skikkeleg måte. Personlege meining og budsjett vil vere avgjerande for valet.
  3. Ei lita bedrift har behov for at brukarane skal kunne surfe på Internett og drive med enkel tekstbehandling. Firmaet er i oppstartsfasen og ønskjer å bruke minst mogleg pengar på IKT. Antakeleg vil det vere nok for denne bedrifta å ha ein nettlesar og å bruke nettbaserte løysingar som Google Docs, Office365 eller liknande. I så fall vil ein enkel Linux-variant og billeg maskinvare passe. Det kan vere lurt å satse på maskinvare som har vore på marknaden ei stund, da desse gjerne blir støtta av dei fleste operativsystema.
  4. Ein treng ein web-tenar. Ein kjend Linux-variant med Apache, MySQL og PHP vil vere eit naturleg alternativ. Men dette er avhengig av kva for eit kodespråk og behov ein har. Microsoft.NET har andre fordelar.
  5. Ein skal kjøpe ein datamaskin inn til ein fylkeskommune som bruker eit Windows-domene. Ein Windows-variant som støttar dette domenet, er eit naturleg val.
CC BY-SASkrive av Tor Arne Pedersen.
Sist fagleg oppdatert 22.05.2018

Læringsressursar

Val og kjøp av datamaskin