Hopp til innhald

Fagstoff

Barnehage

Den første barnehagen i Noreg vart oppretta i 1837 og fekk namnet Byens Asyl, og han låg i Trondheim. Barnehagen på den tida minner nok ikkje mye om den barnehagen vi kjenner i dag.
Barn med ulik nasjonalitet leker i barnehagen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Er du i Trondheim, kan eit besøk på Sverresborg Trøndelag Folkemuseum gi eit innblikk i barnehageutviklinga frå 1837 og fram til i dag.

Dei største yrkesgruppene i barnehagen er førskolelærarar, barne- og ungdomsarbeidarar og ufaglærde. Rammeplan for barnehagen er ein viktig reiskap i planlegging, gjennomføring og evaluering i barnehagen.

I dag går ein stor del av barna i barnehage, og barnehagen er ein viktig sosialiseringsarena for barn. Her vil barna møte vaksne som er utdanna for å gi omsorg, tilsyn og utviklings- og aktivitetsmoglegheiter tilpassa alder og føresetnader hos barnet. Dersom du vel å utdanne deg til barne- og ungdomsarbeidar, er barnehagen ein aktuell arbeidsplass for deg.

Dei fleste barna i barnehagen er mellom eitt og fem år. I følgje tal frå Statistisk sentralbyrå hadde åtte av ti barn plass i barnehage i 2006. Talet på barn med plass i barnehage aukar i takt med barnet sin stigande alder. Mens berre 51 % av eittåringane hadde plass i barnehagen, hadde heile 95% av femåringane plass.

Prioritert opptak

Enkelte grupper kan søkje om prioritet ved opptak i barnehagar, mellom anna:

  • barn med redusert funksjonsevne
  • barn som det er fatta vedtak om etter lov om barneverntenester

I barnehagen skal barnet møte vaksne som er gode rollemodellar. Dei skal stimulere barnet slik at det kan utvikle alle sidene ved seg sjølv.

Lov om barnehager

Lov om barnehager gjer greie for formålet med barnehage på denne måten:

  • Barnehagen skal gi barn under opplæringspliktig alder gode utviklings- og aktivitetsmoglegheiter i nær forståing og samarbeid med barna sine heimar.
  • Barnehagen skal hjelpe til med å oppdra barna i samsvar med kristne grunnverdiar.

I Noreg finst det mange ulike barnehagar

Dei kan drivast av kommunen eller av private. Private barnehagar kan drivast av bedrifter, trussamfunn, foreldregrupper eller andre. Barnehagar kan ha ulik opningstid og ulike satsingsområde, men dei same lovane gjeld for alle barnehagar.

Kommunen har ansvar for både offentlege og private barnehagar. Alle godkjende barnehagar skal behandlast likt i høve til offentlege tilskot. Kommunen har ansvar for å føre tilsyn med alle barnehagar.

Mange foreldre må eller dei vel å jobbe mens barna er små. Barn kan i periodar sjå dei tilsette i barnehagen meir enn dei ser foreldra. Dette krev eit godt samarbeid mellom foreldre og barnehage. Det er viktig å merkje seg at det er foreldra som til ei kvar tid har hovudansvaret for barnet. Teieplikta er viktig i barnehagen.

Foreldra betaler for å ha barnet i barnehagen

Foreldrebetaling i barnehagen er ofte tema i media, og mange av dykk har sikkert hørt diskusjonar knytt til temaet maksimumspris. Mange barnehagar har syskenmoderasjon. Det finst ordningar der ein kan søkje om friplass dersom familien si samla inntekt er lita.

Utfordringar til deg

  1. Korleis kan barn utvikle språket i barnehagen?
  2. Korleis kan barnet utvikle seg motorisk i barnhagen?
  3. Korleis kan vi seie at barnehagen er viktig for barnet si sosialisering?
  4. Lag deg ei oversikt over kva for typar barnehagar som finst i kommunen din. Søk gjerne på nettet. Finn du barnehagar som har spesielle satsingsområde?

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Agnes Brønstad, Trine Merethe Paulsen og Guri Bente Hårberg.
Sist fagleg oppdatert 23.11.2018

Læringsressursar

Yrkesfaglege situasjonsbeskrivingar