Dei første fritidsheimane vart starta i 1950-åra. Dei hadde få plassar og var ikkje knytta til skulen. Fram til slutten av 1990-åra mangla mange barn organiserte tilsynsordningar før og etter skuletid.

Fritidsheimane vart erstatta av skulefritidsordningar, og grunnskulen fekk eit medansvar for oppvekstmiljøet til barna i samanheng med at skulestart for seksåringar vart innført. Skulen skulle gi barn mellom seks og ni år tilbod om omsorg og tilsyn ut over skuledagen dersom barna og foreldra ønskte det.
Barn med funksjonshemmingar skal prioriterast ved opptak til SFO. Funksjonshemma kan også få tilbod i SFO ut over 4. klasse.
Opplæringslova
Opplæringslova krev at kommunane skal gi tilbod om SFO. I hovudsak er tilbodet om skulefritidsordning knytt til den offentlege skulen, men ein del kommunar har i tillegg private SFO-ordningar. Den enkelte kommunen lagar vedtekter for skulefritidsordninga, og ordningane vert finansierte ved offentlege tilskot og ved foreldrebetaling.