Hopp til innhald

Fagstoff

Kvifor trene rørsleevne?

Når du held kroppen mjuk og rørleg, vil teknikken i idrett generelt bli betre, og prestasjonane aukar.
Gut og jente i klatrenett. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Betre teknikk i idrett og yrkessamanheng:

  • Andreas Thorkildsen kaster spyd. Foto.

    Eit tilfredsstillande leddutslag blir rekna som ein føresetnad for innlæring av formålstenleg teknikk.

  • Ein del idrettar og aktivitetar krev store leddutslag. Spydkast er eit eksempel – her trengst det stort leddutslag i skuldra.
  • Andre idrettar som krev ekstra god rørsleevne, er for eksempel turn, dans og kampsport.
  • Når du held kroppen mjuk og rørleg, vil teknikken i idrett generelt bli betre, og prestasjonane aukar.
  • Betre teknikk i yrkeslivet: På same måte som i idrett vil det i arbeidet ditt også vere mange situasjonar der teknikken er sentral for kor godt du gjennomfører arbeidet.

Betre kroppshaldning

  • Ungt par står saman på gata. Foto.

    Stramme sener og bindevev kan gi dårleg kroppshaldning. Det vil då vere viktig å trene rørsle for optimal kroppshaldning:

    • Trening av rørsleevne er viktig ved opptrening etter ein skade.
    • Sener og leddband blir meir elastiske og bindevevet blir sterkare med trening av rørsleevne, og det vil etter kvart tole lengre og hardare tøyingar.
    • Mykje sitjing kan gi stramme musklar, kroppshaldninga forskyver seg og blir ei belastning for ryggen. Trening generelt er i slike tilfelle viktig, men tøying på baksida av låret vil vere særleg gunstig for kroppshaldninga.

Ømme og støle musklar

  • Dame og mann som tøyer ut. Foto.

    Mange trur at tøying og trening av rørsleevne kan førebyggje at ein blir støl og får såre musklar. Men vi veit temmeleg sikkert at slik er det ikkje.

  • Hjelper det å tøye?
  • Det vi oppfattar som at vi er støle, er eigentleg smerter frå sener og ledd. Vanlegvis kjenner du ikkje at du er støl før dagen etter du har belasta den spesielle muskelgruppa. Det er faktisk verst to dagar etter.
  • Under hard trening vil det oppstå små skadar i muskelen, og det er derfor musklane kjennest ømme. Det er ikkje anbefalt å drive trening av rørsleevne etter anstrengande aktivitetar – da kan ein «skade» muskelen ytterlegare. Ein lett joggetur eller ein roleg aktivitet har derimot positiv effekt på støle musklar.

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Oddbjørg Vatn Slapgaard, Jan Bolle og Kolbjørn Ekker.
Sist fagleg oppdatert 13.09.2018

Læringsressursar

Rørsleevne