Øv på hjarte- og lungeredning
Det er viktig å kome raskt i gang med hjarte- og lungeredning. Her finn du ei oppgåve for å øve på det.
![Dame utfører HLR på ein mann på stranda. Illustrasjonsfoto.](https://api.ndla.no/image-api/raw/sy72dc6c.jpg?width=1024)
Ta utgangspunkt i ressursen under når du løyser denne oppgåva.
Relatert innhald
Oppgåve
Tre elevar skal gå i lag. Bruk ei HLR-dokke til øvinga. Ein skal ta leiinga og bestemme kven på gruppa som skal gjere kva.
- Ein skal ringe til 113.
- Ein skal vere AMK-sentralen (113) og ta imot telefonsamtalen.
- Ein skal setje i gang med HLR.
Når de har prøvd dette ein gong, rullerer de, slik at alle på gruppa til slutt har prøvd alle dei tre ulike oppgåvene.
CC BY-SASkrive av Cathrine Dunker Furuly.
Sist fagleg oppdatert 24.06.2020