Hopp til innhald

Fagstoff

Reglar i innebandy

Innebandy har relativt enkle reglar. Spelet blir starta med duell. Det er eigne reglar for innslag, og misferder gir frislag. Eigne skulereglar har som føremål å redusere mengda og omfanget av skadar når det blir spelt på skulen.
Nærbilete av bandykølle og bandyball. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Duell

Ved periodestart og etter skåring startar spelet med ein duell midt på banen. To spelarar, ein frå kvart lag, står vende mot kvarandre i lengderetninga av banen og med ryggen til eige mål. Kølleblad og føter skal vere parallelle med lengderetninga av banen. Ballen skal ligge fritt midt mellom køllene til spelarane.

Innslag

Når ballen går over vantet, skal det dømmast innslag til det laget som ikkje slo ut ballen. Innslaget skal takast der ballen gjekk over vantet, med unntak av når han går ut bak mål. Då blir innslaget teke på krysset i næraste rundvant. Det er lov å legge ballen ein halv meter ut frå vantet på langsidene.

Frislag

Desse regelbrota gir frislag:

  • Ein spelar slår på køllebladet og/eller kølleskaftet til ein motspelar utan å treffe ballen først.
  • Ein spelar køyrer kølla eller ein fot eller eit kne mellom beina til motstandaren.
  • Ein spelar dyttar ein motspelar.
  • Ein spelar ryggar inn i ein motspelar.
  • Ein spelar sparkar ballen to gonger etter kvarandre eller sentrar ballen til ein medspelar med foten. (Det er lov å sparke ballen med foten éin gong til eiga kølle.)
  • Ein spelar løftar køllebladet over hoftehøgde før han eller ho treffer ballen.
  • Ein spelar rører ved ballen over knehøgde med kølla eller med foten.
  • Ein spelar hoppar opp og stoppar eller styrer ballen.
  • Målvakta kastar ballen over midtlinja utan at ballen er i golvet først.
  • Målvakta tek imot ei pasning frå ein medspelar med hendene.
  • Ein utespelar står med ein del av kroppen innanfor målvaktområdet. Dersom ein forsvarar kjem inn i eige målvaktområde ved målsituasjon, blir det straffeslag.


Ved frislag og innslag skal motstandarane stå tre meter unna ballen.

Reglar i skulen

Reglar i skulen

Spelet startar med ein duell midt på banen. Desse regelbrota gir frislag:

  • å spele liggande
  • å kaste kølla
  • å løfte kølla over knehøgde
  • å spele med hand og hovud
  • å slå på kølla til motspelaren


Når det gjeld slag, må dommaren bruke skjønn. Det skal vere flyt i spelet. Dersom dommaren blæs av for kvart einaste slag, blir det mange avblåsingar! Samtidig må dommaren hindre at det blir for mange slag på kølla. Her gjeld det å finne ei god linje ut frå nivået til spelarane.

Ved frislag skal motstandarane stå tre meter unna ballen.

Les meir om reglar hos Bandyforbundet.

CC BY-NC-SASkrive av Eivind Tysdal og Marcus Nilsson.
Sist fagleg oppdatert 23.01.2019

Læringsressursar

Innebandy