Hopp til innhald

Fagstoff

Undervisningsopplegg i yoga flyt

Det finst mange ulike former for yoga, og alle har til felles at du får trena både fysiske, koordinative og psykiske eigenskapar samtidig. Under finn du videoar som gir deg ei innføring i yoga flyt.
Dame på yogamatte som gjer yogaøvinga "krigarstilling 2". Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er eigentleg yoga?

Yoga handlar om å kombinere bevegelse og pust. Yoga er noko som passar for alle. Du treng ikkje å vere spesielt mjuk eller fleksibel eller ha noko førehandkunnskap. Yoga passar til alle typar kroppar og menneske. Gjennom yoga får du både fysisk og mental trening på ein gong.

Under yogaøkta får du lov til å vere fokusert berre på det du skal gjere akkurat då. Du kan gløyme det du har gjort før på dagen og det du skal gjere seinare, og berre vere til stades her og no.

Som andre ting i livet vil òg kroppen vere litt ulik frå dag til dag. Nokre dagar er litt tyngre og kroppen kjennest tung, stiv og energilaus. Andre dagar flyt det betre, og du kjenner deg sterk, fokusert og har mykje energi. Det er i god yoga-ånd å akseptere at det er slik og gjere det beste du kan tilpassa dagsforma.

Tips til læraren

Tips til vellykka opplegg

  • Bruk litt tid på introduksjon til yoga.

  • La elevane prøve seg fram og finne ein versjon av stillingane som passar kroppane deira. Det tek lang tid å utvikle seg i yoga og å få til å kombinere pust og øving.

  • Gjer gjerne yoga fleire gonger gjennom året. Slik kan elevane kjenne igjen øvingar og dermed konsentrere seg meir om pusten sin etter kvart.

  • Ver bevisst på at mange elevar er i puberteten og derfor er veldig stive. Minn dei gjerne på at dette er heilt naturleg i den alderen dei er i.

Tips til førebuing

  • La elevane sjå introvideoen "Kva er yoga?" før økta.

  • Ha ein samtale med elevane om kva yoga er, der merksemda er retta mot at dei skal gjere sitt beste og øve og prøve, sjølv om dei ikkje meistrar (jf. innsatsomgrepet). Bruk gjerne det som står skrive i denne ressursen.

  • Ha ein samtale om læringsmåla.

Praktisk gjennomføring

  • Finn eit rom der det er så stille som mogleg, slik at det er anledning til at elevane kan konsentrere seg.

  • Gi elevane litt tid til å roe seg ned før økta startar. Det kan ofte vere vanskeleg å finne roen når ein må skunde seg frå ein undervisningstime til ein annan. Å sitje eller liggje på matta i nokre minutt utan å prate, men berre konsentrere seg om pusten sin, kan vere ein god start.

  • La gjerne elevane sjå på og bruke sin eigen smarttelefon under økta, mens lyden blir spelt av på høgtalar i rommet. Dette gjer at det er enklare å rette merksemda mot seg sjølv, i staden for å måtte løfte blikket når det er mest naturleg å rette blikket ned.

Læringsmål

Eleven skal

  • utføre øvingane etter beste evne og ut frå eigne føresetnader

  • konsentrere seg om seg sjølv og det han/ho kan få til

  • reflektere over korleis han/ho kan utvikle seg i yoga, og korleis han/ho kan bruke element frå yoga i kvardagen

Yogavideo

Under finn du tre instruksjonsvideoar i yoga.

1. Introduksjon

Denne første videoen forklarer kort om kva yoga er, kva for betyding pusten har i yoga, og kva det betyr å vere fokusert på det du driv på med.

2. Solhelsing

Denne videoen gir ei kort innføring i solhelsing. Solhelsing er ein serie øvingar du gjer i ei bestemd rekkjefølgje. Her får du øve på både riktig teknikk, og korleis du skal kombinere øvingane med pusten.

3. Yoga flyt

Denne videoen er ein lengre sekvens med yoga som er sett saman av ulike bevegelsar. I yoga flyt skal overgangen frå ein bevegelse til ein annan gå så jamt, at det blir ein flyt i heile bevegelsen.

CC BY-SASkrive av Cathrine Dunker Furuly og Hilde Gullhaug Hennes.
Sist fagleg oppdatert 16.10.2020

Læringsressursar

Yoga