Eigenvurdering
Progresjon kjeldesøk
Bruk punkta og sjekk kor mykje du har fått med deg om kjeldesøk.
Bruk punkta nedanfor til å vurdere ferdigheitene dine innan områda "Kjeldesøk og navigasjon".
Strålande
- Du bruker presise fagomgrep, også på engelsk når det er nødvendig, og varierer søkjeord.
- Du bruker systematisk "avansert søk" i fleire søkjemotorar og databasar.
- Du planlegg kjeldesøket og dokumenterer søket ditt undervegs.
- Du går deg ikkje bort i søket. Du tar deg heller pausar.
Kompetent
- Du har oversikt over, og bruker, fagomgrep som søkjeord.
- Du finn nye søkjeord og prøver også med engelske omgrep.
- Du held fram søket og undersøkjer fleire kjelder for kvart søk.
- Du kjenner til og bruker nokre søkjemotorar og databasar.
- Du prøver å følgje planen for kjeldesøket og går tilbake til han viss du ramlar ut.
På veg
- Du bruker nokre fagomgrep som søkjeord.
- Du varierer bruk av søkjeord.
- Du bruker nokre kjelder til å skaffe deg oversikt og nokre for å gå djupare inn i tema.
- Du planlegg søket, men synest det er vanskeleg å følgje planen.
- Du følgjer med på når du går deg bort og veit kva du skal gjere for å komme på sporet igjen.
Nybegynnar
- Du gjer enkle søk på Google.
- Du går deg ofte vill og avsluttar søket med uforetta sak.