Hopp til innhald
Fagartikkel

Kjelder og informasjon

Skal du lære, og vise, at du har kunnskapar og oversikt i eit fag, krev det at du opparbeider deg oversikt over relevante kjelder over tid. Du må øve opp medvitet om kva for kvalitetar ei kjelde har, og kva slags informasjon i kjelda som er relevant for samanhengen.

Kva kjelder til kva formål?

Kva skal du lære? Kva for kjelder og kva slags informasjon treng du for å kunne vise kva du har lært?

  • Kva for kjelder skal du bruke?
  • Kva skal du bruke dei til?
  • Kva slags informasjon treng du, og kvar finn du han?

Du må reint praktisk bruke kjelder, samle, sile og bruke informasjon på ein systematisk måte for å lære og tileigne deg kunnskapar. Jo meir du kan innanfor eit fagområde, jo betre vil du bli til å finne dei beste kjeldene i faget og for formålet.

Informasjon og kunnskap

Informasjon frå ei kjelde er ikkje i seg sjølv kunnskap. For å vise kunnskap med utgangspunkt i klipt og limt innhald frå ei nettside etter eit Google-søk, må informasjonen arbeidast med, kommenterast og setjast i samanheng med annan informasjon. Då først viser du kunnskapane dine.

Kva er informasjon?

I kvardagen søkjer og bruker vi informasjon heile tida. Vi sjekkar vêret og nyheitene, resultat av sportshendingar, korleis venene våre har det. Vi tenkjer gjerne ikkje over kva for informasjon vi søkjer og bruker, og kvifor. I skulesamanheng, derimot, har du mykje å hente på å tenkje over kva slags informasjon du treng og kvifor.

Vi har to typar informasjon: faktabasert informasjon og retorisk informasjon.

Faktabasert informasjon

Den eine typen informasjon kan forståast som objektiv, faktabasert eller teknisk. "Det er overskya og antyding til regn" og "2 + 2 = 4" kan vere døme på det. Omgrepsdefinisjonar har som formål å gi objektiv informasjon om betydninga av eit omgrep. Innsamla data kjem òg inn under denne forståinga av informasjon.

Retorisk informasjon

Den andre typen er informasjon som openbert skal påverke. Informasjon kan altså vere retorisk. Eit par døme er: "Vi må slutte å bruke plastikk, for det hamnar i havet." og "Ungdom er altfor opptekne av sosiale medium."

Skiljet mellom faktabasert informasjon og retorisk informasjon vil ikkje alltid vere skarpt. Derfor er kjeldekritikk så viktig.

Menneske som kjelder

I skulesamanheng har du god tilgang på lærarar. Dei er fagpersonar og har god oversikt over dei faga dei underviser i. Ofte har din eigen lærar lagt nokre premiss for kva du skal jobbe med og i tillegg delt informasjon med deg i timane.

Du kan òg ta kontakt med personar utanfor skulen og stille dei spørsmål. Dei kan ha fagkompetanse innanfor eit område, eller dei kan ha andre interessante erfaringar og kunnskapar å dele.

Læremiddel er spesiallaga for fag og trinn

Lærebøker og digitale læremiddel du har som pensum i faget du jobbar med, er skreddarsydde etter læreplanen i faget. Læremiddel for eit fag er som regel sentrale og sikre kjelder. Du kan òg bruke fagomgrep herfrå som søkjeord i nettlesarar og i arkiv. Det kan gi deg meir presise søkjeresultat enn om du bruker kvardagsord.

Skal du fordjupe deg og bruke lang tid innanfor eitt tema, finst det normalt fagbøker du kan få tak i gjennom skulebiblioteket. Nokre fagbøker er spesialiserte for høgskular og universitet, og dei kan vere kompliserte å bruke. Du må vurdere om du vil ha utbytte av å bruke slike kjelder. Bibliotekarar og lærarar kan gi deg naudsynleg rettleiing.

Estetiske kjelder

Estetiske kjelder er kulturuttrykk som musikk, litteratur, film eller dikt. Reklame og bilete er òg estetiske kulturuttrykk. Dei blir sjeldan brukte til innhenting av faktainformasjon. Like fullt er dei verdifulle kjelder for å kaste lys over problemstillingar eller for å gi døme på korleis ting heng saman, og ikkje minst kan dei brukast til inspirasjon.

I mange fag står analyse av estetiske kjelder sentralt. I andre samanhengar bruker du musikk i ein video du lagar eller bilete for å illustrere ein presentasjon. Då bruker du kjelder for å skape ei stemning og ei større breidde i opplevinga av det du vil formidle.

Når du sjølv skal skape estetiske uttrykk, vil det vere naturleg å bruke estetiske kjelder til inspirasjon og få idéar frå estetiske sider ved kjeldene.

Nettkjelder med søkjetenester

Internett har etter kvart vorte den viktigaste staden å søkje fram og få tilgang til kjelder og informasjon. Det er ikkje utan grunn vi omtalar tida vår som "informasjonssamfunnet". Med internett har vi fått tilgang til enorme mengder informasjon med berre få tastetrykk.

Det blir hevda at viss du les det som står i ei avis som New York Times gjennom ei heil veke, får du like mykje informasjon på den eine veka som det ein vanleg person som levde i mellomalderen ville ha fått gjennom ei heil livstid.

Universitetsbiblioteket i Bergen

Utfordring å sortere nettsøk

Det kan være ei stor utfordring å handtere mengda informasjon som er tilgjengeleg gjennom eit enkelt søk på Google. Er den prioriterte rekkjefølgja på utlistinga etter søket det beste for formålet ditt?

Det nyttig å gå direkte til relevante søkjetenester.

Dei mest vanlege kjeldene med søkjetenester på nett som er brukte i den vidaregående skulen, er

  • læremiddel på nett
  • oppslagsverk
  • offentlege nettsider
  • offentlege dokument og arkiv
  • mediekanalar
  • delingstenester
  • formidling og diskusjonar i sosiale medium og på nettforum

Statisk og dynamisk informasjon

På nett skil vi gjerne mellom statisk og dynamisk informasjon. Tekst og bilete er statisk, men det finst òg informasjon formidla gjennom video, lyd, simulering eller 3D-verder. Både i læremiddel og elles på nett er det ei aukande mengde tilgang til ikkje-statisk informasjon.

Skal du jobbe med statisk informasjon, har du sjølv kontrollen. Du kan lese tekst og studere bilete i ditt eige tempo. Bruker du kjelder med dynamisk informasjon, må du stoppe straumen, spole tilbake og notere eventuelle tidskodar og informasjon du skal bruke vidare, og kanskje må du òg ta skjermdumpar.

Ei kjelde kan innehalde både statisk og dynamisk informasjon.

Kjelde

BergenUB. (2009, 15. august). Universitetsbiblioteket i Bergen. [Video]. YouTube. https://www.youtube.com/watch?v=jSHfrYI51lM