Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Staycation?

Veit du kva heimstaden din har å tilby turistane? Tenker du nokon gong på at du bur på ein stad andre ser på som eit reisemål? Ferie heime – går det'a?
Folkemengde på utsiktspunkt høgt over fjordlandskap. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Å feriere på heimstaden

Dei aller fleste stader i landet vårt har noko heilt eige, noko innbyggarane er stolte av. Det kan vere natur, kultur eller attraksjonar – naturlege eller menneskeskapte. Omgrepet "Staycation" betyr at ein er på heimstaden sin i ferien – som turist.

I denne oppgåva skal de lage ei marknadsføringskampanje for heimstaden dykkar. Kampanjen har som mål at de som bur der får lyst på ein "Staycation" neste gong de har ferie! De vel sjølve målgruppa for kampanjen dykkar.

Utstyr:

  • mobiltelefon
  • pc
  • digitalt presentasjonsverktøy
Tips til presentasjonsverktøy

Lag eit nyheitsbrev i Sway eller ein reklamefilm med FilmoraGo.

Oppgåve

Del 1: I klassen

  • Oppsøk eit turistkontor eller søk på internett over kva for attraksjonar, aktivitetar, natur og kultur som finst på heimstaden din.
  • Lag ei liste på tavla over det de finn.
  • Avgjer målgruppa for kampanjen dykkar, til dømes familiar eller ungdom, og plukk ut attraksjonane de meiner passar for denne gruppa.
  • Gå saman to og to. Fordel punkta på lista mellom dykk, slik at kvart par har forskjellige attraksjonar de vil fokusere på.

Del 2: I par

  • Skriv ned informasjon om attraksjonen dykkar, til dømes litt morosame fakta, historie eller andre nyttige ting. De kan sjekke Tripadvisor for å sjå om nokon har lagt igjen anbefalingar av attraksjonane.

  • Ta med mobiltelefonane og besøk attraksjonane.
  • Ta fine bilete frå attraksjonane "dykkar", hugs å be om lov dersom dette er nødvendig.
  • Lag ein ferdig presentasjon med tekst, bilete eller film, og legg gjerne til eigne anbefalingar, tips og råd.

Del 3: I klassen

  • Lag ein "Staycation"-presentasjon av alle sine bidrag, til dømes eit nyheitsbrev.

  • Hald fokus på berekraftig reiseliv tilpassa målgruppa.
  • Kanskje de kan dele Staycation-presentasjonen med Turistkontoret og på heimesida til skulen?

Refleksjon

  • Blir Staycation den neste ferien din? Kvifor / kvifor ikkje?

  • Har du nokre tankar om korleis ein kan jobbe med reiseliv på heimstaden din for å bli meir berekraftig?

  • Kva er viktige ressursar å ta vare på, på heimstaden din?

CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 19.02.2020

Læringsressursar

Berekraft