Hopp til innhald
Fagartikkel

Kva er bioteknologi og genteknologi?

I fleire tusen år har bakteriar og sopp blitt brukte til å lage brød, vin, yoghurt, ost og øl. Dette er bioteknologi vi framleis bruker. No har forsking gjort det mogleg å isolere, studere og endre arvestoff. Det blir kalla genteknologi og gir nye moglegheiter innan medisin, landbruk og industri.

Definisjonar på bioteknologi og genteknologi

Bioteknologi

Bioteknologi omfattar all bruk av levande organismar – planteceller, dyreceller og mikroorganismar – til å lage produkt som er nyttige for oss. I tusenvis av år har denne kunnskapen blitt brukt til å lage produkt som ost, brød, vin, yoghurt og øl.

Moderne bioteknologi omfattar i tillegg genteknologi, som tek i bruk nyare teknikkar for å kunne isolere, studere og endre arvestoff.

Genteknologi

Genteknologi er moderne teknologi der ein jobbar med arvematerialet for å endre den genetiske samansetjinga til organismar. Verktøya som blir brukte til å redigere gen, blir stadig forbetra. Samtidig blir det utvikla nye teknikkar som blir brukte i både forsking, medisinsk behandling, jordbruk, miljø og industri. Når gen blir identifiserte og kartlagde, kan dei endrast og kombinerast på nye måtar for å lage bestemte produkt.

Genteknologi – bioteknologi med gen som verktøy

Bioteknologi handlar om å forstå korleis cellene fungerer, og korleis vi kan utnytte denne kunnskapen, til dømes til å lækje sjukdom, lage betre medisinar, utvikle sjukdomsresistente plantar eller ta betre vare på miljøet.

Etter kvart som vi forstår molekylærbiologien betre, blir det utvikla stadig nye verktøy og moglegheiter. Eit døme på det er gensaksa CRISPR, som presist kuttar DNA ved det genet som skal endrast.

Usikkerheit, sunn skepsis og lovregulering

Sjølv om gena er kartlagde, er det likevel mykje vi ikkje veit om korleis gena samarbeider. Viss vi endrar på eit gen, kan det påverke andre, noko som igjen får konsekvensar for proteina som skal dannast. Derfor er det ikkje overraskande at mange stiller kritiske spørsmål til bruk av genteknologi, fordi utviklinga skjer så raskt at vi ikkje klarer å ha oversikt over moglege konsekvensar for helse og miljø.

Vi kan vere skeptiske til nokre av dei moglegheitene som genteknologi gir, og samtidig vere takksame for den forskinga som blir gjort. Takk vere denne forskinga har det blitt mogleg å utvikle mange gode vaksinar og medisinar mot sjukdommar som elles ville vore farlege.

For å hindre misbruk av dei nye moglegheitene er all bruk av genmodifiserte organismar og kloning av dyr regulert i genteknologilova.

Illustrasjon som viser silhuettane av mann og kvinne saman med mange DNA-molekyl.

Genteknologi til glede for alle?

Korleis kan genteknologien brukast til glede for alle?

0:00
-0:00
Podkast: Sigrid Bratlie / CC BY-SA 4.0

Nye moglegheiter – nye utfordringar

Genteknologi gir oss moglegheiter som vi aldri før har hatt. Som med all ny teknologi kan bruken av han verke skremmande på nokon og fascinerande på andre. Det er òg mange som ventar på at forsking skal føre til nye behandlingsformer for sjukdommar som førebels ikkje lèt seg kurere, til dømes demens og muskelsvinn. Vi får stadig meir kunnskap om genteknologi, og teknologien gir stadig nye moglegheiter. Vi kan løyse mange problem med matforsyning og helse ved hjelp av genteknologi, men vi må prioritere og setje oss inn i konsekvensane av det vi gjer. Veit vi kva vi ønsker?

Kva nyvinningar ønsker vi velkomen, og kva vil vi forby?

  • dyrking av vev som kan reparere skadde organ?
  • genmodifisert mat med betre næringsinnhald?
  • genmodifiserte plantar som toler frost og tørke?
  • biff laga på laboratoriet (gir mindre CO2-utslepp)?
  • biologiske medisinar utvikla ved hjelp av genteknologi?
  • kloning av gode avlsdyr?
  • fjerne sjukdomsgen i eggceller/embryo slik at endringa går i arv?
  • eggdonasjon + sæddonor til alle som ikkje får barn på andre måtar?

Utvid lista, og gjer dine val!

Lovregulering – ikkje lik i alle land

For å hindre etiske overtramp og misbruk av dei nye moglegheitene er all bruk av bioteknologi og genteknologi strengt regulert i lover, men det er ikkje like strengt over alt. Det går føre seg mykje forsking og testing i mange miljø over heile verda, og forskarar har gjort store framsteg dei siste åra. Det kan likevel gå lang tid før det blir tillate å ta i bruk dei nyaste teknikkane.

Tenk gjennom og undersøk

Kva avgrensingar set genteknologilova for forsking og bruk av teknikkar i Noreg?

Kjenner du til land som ikkje har like streng regulering av genteknologi?

Kor stor fridom og kor store avgrensingar synest du at forsking og praktisering av bio- og genteknologi bør ha i Noreg og i andre land?

CC BY-SA 4.0Skrive av Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 09.12.2020