Arbeidsoppdrag
Oppdrag: Lag insulin – steg for steg
Lag insulin ved hjelp av genteknologi. Få innsikt i korleis bioteknologar jobbar, og kva verktøy som blir brukte i arbeid med DNA.
Når du går inn på laboratoriet nedanfor, er ikkje målet å fullføre fortast mogleg. Tvert imot. For å kunne produsere insulin på laboratoriet må du aktivt delta ved å løyse oppgåver undervegs. Oppgåvene krev at du har lese og forstått korleis bioteknologane arbeider.
- Undervegs klikkar du på det du meiner er riktig alternativ. Viss du klikkar feil, les du teksten som dukkar opp, og prøver på nytt.
- Du har ikkje moglegheit til å gå tilbake.
- Når du er klar: Klikk på pila til høgre for å setje i gang.
Oppsummer det du no har lært om verktøy i arbeid med DNA. Prøv å svare på desse spørsmåla:
- Kva er genteknologi?
- Forklar dei ulike stega i prosessen for produksjon av insulin ved bruk av genteknologi.
- Kva er PCR, og korleis fungerer metoden?
- Korleis kan vi overføre DNA frå ein organisme til ein annan?
- Kva er restriksjonsenzym, og kva er spesielt med desse enzyma?
- Kvifor er det viktig å ha solid teoretisk bakgrunn når vi arbeider med genteknologi?
- Veit du om andre produkt enn insulin som blir produserte ved bruk av genteknologi?