Hopp til innhald

Fagstoff

Krinsløpet til karbonet

Karbonets krinsløp beskriv korleis karbon sirkulerer frå luft til vatn og plantar, via jord og dyr og tilbake igjen til lufta. Denne omsetninga av karbon kan skje raskt eller ta veldig lang tid.
Tjukke pilar dannar ein sirkel som viser kvar karbondioksid blir teke opp og frigjort. Inni sirkelen er det mindre sirklar som viser korleis karbondioksid blir teke opp gjennom fotosyntese og frigitt ved celleanding, hos både planteplankton og landplantar. I tillegg blir karbon frigitt frå myr og dyr. Dødt planteplankton søkk ned til botnen av havet, blir sedimentert og omdanna til fossile brensel. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det raske krinsløpet – fotosyntese og celleanding i balanse

Fotosyntese

I det raske krinsløpet tek plantar opp karbon i form av karbondioksid (CO2) frå lufta. Ved hjelp av energi frå sola kan plantane gjere om CO2 til glukose i fotosyntesen. Glukosen blir lagra som stivelse og cellulose i plantane. Karbonet blir deretter teke opp i dyra som et plantane, og karbonet går på denne måten gjennom næringskjedene. I tillegg tek havet opp store mengder karbon i form av CO2.

Celleanding og nedbryting

Samtidig som karbon blir teke opp, blir òg karbon frigjort til lufta igjen som CO2 frå celleanding i levande organismar og frå nedbryting av døde dyr og plantar. Karbon blir òg frigjort som metan ved ufullstendig nedbryting i myrer og andre våtmarker. Når dyr tygg drøv, blir metan frigjort som rap og etter kvart òg via ekskrementa.

Over tid vil mengda karbon som blir teken opp gjennom fotosyntesen og i havet, vere like stor som mengda karbon som blir frigitt ved celleanding og nedbryting.

Plante med grøne blad får energi frå sola, karbondioksid frå lufta og vatn frå jorda gjennom røtene. Det blir danna druesukker i blada og oksygen blir skild ut. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det langsame krinsløpet – danning av fossilt brensel

I det langsame krinsløpet tek det lang tid for karbonet å fullføre ein runde. Når døde dyr og plantar blir brotne ned, med lite tilgang til oksygen og ved høgt trykk og høg temperatur, kan dei gjerast om til fossile brensel som olje, kol eller gass. Å binde opp karbon på denne måten tek millionar av år, og det ville teke tilsvarande lang tid å frigi dette karbonet gjennom naturlege prosessar.

Menneskeleg aktivitet påverkar krinsløpet

Når vi brenn fossile brensel, tek det berre sekund å sleppe fri karbon som har lege lagra lenge, og som ville brukt millionar av år på å bli frigitt gjennom naturlege prosessar. Dette karbonet ville ha vorte liggande under bakken og på havbotnen viss det ikkje hadde vore for utvinninga vår av olje, kol og gass.

Klimaendringar

Når fossilt karbon kjem over i atmosfæren som CO2, aukar konsentrasjonen av CO2. Dette fører til menneskeskapte klimaendringar.

Havforsuring

Havet tek òg opp ein del CO2 frå lufta. Når hava tek opp meir CO2, blir dei surare fordi CO2 løyst i vatn gir karbonsyre. Surare vatn er uheldig for organismar som lever i skal av kalk, som korallar og muslingar.

Diskuter

Ta utgangpunkt i eit karbonatom.

  • Lag nokre enkle skisser, og diskuter korleis dette atomet sirkulerer i økosystemet.

  • Kor mange organismar kan de førestille dykk at atomet er innom på ferda si?

Relatert innhald

Fotosyntesen er ein biokjemisk prosess kor lysenergi blir omdanna til kjemisk energi. Karbondioksid og vatn blir omdanna til sukker og oksygen.

CC BY-SASkrive av Ragnhild Kjeldsen og Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 09.02.2023

Læringsressursar

Økologi