Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Øvingsoppgåver om økologi

Oppgåver om økosystem, næringskjeder, næringsnett og krinsløp.
Tegning, plansje med oversikt over artar i havet.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Økosystem – næringskjeder – næringsnett – krinsløp

  1. Kva er eit økosystem?
  2. Kva slags delar finn vi alltid i eit økosystem?
  3. Kva slags biotiske faktorar (levande delar) finn vi i økosystema?
  4. Nemn 5 abiotiske faktorar (ikkje levande delar) som påverkar livet i eit myrtjern.
  5. Prøv å finn 4 abiotiske faktorar som kan påverke kva slags planter som kan leve i torvlaget på ei myr.
  6. Planter kallast produsentar, og dyr kallast konsumentar. Kvifor?
  7. Kva meines med den økologiske nisjen til ein art?
  8. Forklar kva som meines med ei næringskjede.
  9. Ta utgangspunkt i figuren under. La oss tenke oss at nokon av organismane i næringsnettet forsvinn. Kva vil det bety for heile systemet?

    1. Kva trur du vil skje om spekkhoggaren blir utrydda?
    2. Kva ville skje om fiskebestanden vart så redusert gjennom fiske at fisk ikkje lenger var ein del av næringsnettet?
    3. Kva ville skje om algane forsvann?
    4. Kva slags scenario ville påverka flest organismar?

Næringsnett med artar frå Antarktis. Nedst er planteplankton som blir ete av vågekval og krill. Krill blir ete av vågekval, torsk og pingvin. Torsk blir ete av spekkhoggar, sel og pingvin. Sel blir ete av spekkhoggar. Pingvin blir ete av spekkhoggar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Vi seier at stoffa går i eit lukka krinsløp, mens energien går i eit opent krinsløp. Kva er forskjellen?
CC BY-NC-SASkrive av Einar Berg og Svein Gunnar Råen. Rettshavar: NKI Forlaget
Sist fagleg oppdatert 15.05.2018

Læringsressursar

Økologi