Hopp til innhald

Fagstoff

Bølgjer og energi

I byrjinga av dette emnet sa vi at det er sjølve forstyrringa som blir overført i ei bølgje, og ikkje nokon materie. Det betyr at bølgjer overfører energi, men kva bestemmer kor mykje energi bølgja overfører?

Kva avgjer energimengda?

I simuleringa over kan du variere både amplitude og frekvens. Er du einig i at begge desse storleikane har noko å seie for energimengda bølgja overfører?

Ei bølgje med stor amplitude overfører meir energi enn ei bølgje med liten amplitude.

På same tid skjønar vi at energien bølgja overfører, blir større dersom partiklane svingar raskare, altså ved høgare frekvens. Då vil fleire enkeltbølgjer kunne overføre energien sin.

Ei bølgje med stor frekvens overfører meir energi enn ei bølgje med liten frekvens.

Merk deg at dette gjeld når vi har partiklar med masse som svingar. Har vi det i lys?

CC BY-SASkrive av Astrid Johansen.
Sist fagleg oppdatert 11.07.2018

Læringsressursar

Lys, lyd og bølgjefenomen