Bølgefenomen
Dersom du ser på bølga i ein dråpe som startar i ei skål, ser du at ho går fram og attende nokre gonger mellom sentrum og veggen før ho døyr ut. Dersom ei bølge møter ein vegg, blir ho reflektert attende, men dersom ho kjem inn på skrå mot ein vegg, skiftar ho retning på same måte som ein ball og ein lysstråle gjer. Både partiklar og bølger følger refleksjonslova
Både partiklar og bølger følger refleksjonslova. Ho seier når ei bølge treffer ei overflate, er vinkelen bølga treffer overflata med, like stor som vinkelen bølga blir reflektert ut med. Med andre ord: Innfallsvinkelen er lik utfallsvinkelen.
I vatn kan vi observere at bølgene har ein tendens til å bøye av bak ein holme, ein molo eller liknande. Dette er bøying, slik du ser på biletet.
Det er dette som gjer at du kan høyre lyd sjølv om du står bak eit hjørne. Lyd er bølger som bøyer seg rundt kantar og fyller ut heile rommet.
Kva ville ha vore ulikt dersom lyd hadde vore partiklar?
Nedanfor kan du sjå ein modell av to bølger med motsett retning. Studer kva som skjer når dei møtest og passerer kvarandre.
Bølgene endrar seg ikkje etter at dei har passert kvarandre. Legg merke til at utsvingane for dei to bølgene blir lagt saman når dei er på same stad. Det er dette vi kallar overlagring.
Tenk over
- Kva skjer når bølgene har utsving motsett veg?
- Er overlagring mogleg for partiklar? I så fall skulle to bowlingkuler kunne kollidere og gå gjennom kvarandre utan at farten vart endra.
Figuren viser to punkt som sender ut like bølger. Det kan til dømes vere to høgtalarar som sender ut heilt like lydbølger.
Vi ser eit mønster av bølgetoppar og bølgebotnar (striper av lys og mørk farge). Det er sektorar der lyden svingar kraftig mellom bølgetopp og bølgebotn, men mellom desse sektorane er det diffuse soner der det ikkje svingar i det heile!
Dersom dette er lyden frå to høgtalarar, og vi går på tvers langs ei rett linje i biletet, vil vi vekselvis høyre sterk lyd og ingen lyd. Dette fenomenet kallar vi interferens og er eit karakteristisk mønster som oppstår når bølger overlagrar.
Interferens ser vi hos alle typar bølger; vassbølger, lydbølger og ja, òg lysbølger!
Prøv bølger i praksis
To og to held i kvar sin ende av eit langt, tjukt tau.
- Begge sender kvar si vertikale bølge samtidig. Kva skjer når bølgene møtest og passerer kvarandre?
- Den eine sender av garde ei vertikal einskildbølge på tauet, medan den andre sender av garde ei horisontal einskildbølge. Korleis går det når desse møter kvarandre? Og kva kjem til å skje med dei etterpå?