Hopp til innhald

Fagstoff

Arv – ein føresetnad for evolusjon

Arvematerialet endrar seg frå generasjon til generasjon. Dette er ein viktig del av prosessen i evolusjonen. Dei individa som veks opp, overlever og får avkom, fører arvematerialet sitt vidare.
Stilisert tidlinje som viser naturlig utvalg i en revepopulasjon. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Foreldre (F) – generasjon 1 – generasjon 2

Arvematerialet som eit individ i generasjon 1 har, er nedarva frå foreldra (F). Kvart gen blir nedarva uendra frå foreldra, men dei blir kombinerte på nye måtar for alle i søskenflokken. På den måten blir det variasjon i arvematerialet hos alle individa i ein søskenflokk (generasjon 1).

Seinare blir arvematerialet påverka av både mutasjonar og epigenetikk gjennom heile levetida. Det betyr at arvematerialet som blir ført til generasjon 2, er litt endra frå det som kom frå foreldra (F).

Dersom arvematerialet til ein art hadde vore uendra frå generasjon til generasjon, ville det ikkje skjedd evolusjon innanfor den populasjonen.

Kjønna formeiring gir genetisk variasjon

Elgku med elgkalv ved ei stille tjørn. Foto.

Ved kjønna formeiring blir gen kombinerte på nye måtar, og det genetiske mangfaldet aukar. Om vi ser for oss alle elgkalvar som blei fødde i vår, veit vi at dei har ulik genetisk utrusting fordi dei har fått gena sine frå ulike foreldre. Mange av kalvane vil få mykje omsorg frå elgkua, vekse fort, bli sterke og klare seg godt gjennom den komande vinteren. Andre kalvar kan ha sjukdomsgen, vere svakare, dårlegare tilpassa og kanskje bukke under om det blir ein streng vinter. Då er det størst sjanse for at dei med dei gunstigaste eigenskapane veks opp og får ført dei gunstige gena sine vidare.

Gunstige gen

Gunstige gen kan vere så mangt. Det kan vere både åtferd, synlege eigenskapar og fysiologiske eigenskapar som vi ikkje ser. Det er lett å sjå for seg at kamuflasjefarge, god pels og evne til å skjule seg og til å finne mat har mykje å seie, men eigenskapar som omsorg for avkom og evne til å kommunisere og oppfatte fare er òg viktige for overlevingsevna.

Fenotypiske tilpassingar

Når ein populasjon tilpassar seg eit nytt miljø, er det først og fremst fenotypiske endringar. Det vil seie at endringane skjer innan det genbassenget som arten allereie har – at nokre gen blir vanlegare, mens andre blir sjeldne. Evolusjonære tilpassingar betyr at genetikken blir endra, og det tek lengre tid.

Fjellet

To fjellryper. Ei med lys og ei med mørk fjørdrakt. Foto.

Dersom vintrane blir varmare og snøsesongen blir kortare i fjellet, kan vi anta at dei rypene som har kvit fjørdrakt i ein kortare periode, vil ha større overlevingsevne fordi dei ikkje blir så synlege for predatorar som revar og rovfuglar. Viss det skjer, vil desse rypene få spreidd gena sine slik at den eigenskapen blir vanlegare.

Arktis

Fleire små og delvis gjennomsiktige krepsdyr i vatn. Foto.

Høgare temperatur og stadig mindre havis har ført til at det har blitt monnaleg færre store og mellomstore arktiske dyreplankton. Eit døme er den arktiske tangloppa (amfipoden Themisto libellula), som har minska i mengd. Det betyr at det er små dyreplankton som dominerer i arktiske strøk. Dette er ei fenotypisk tilpassing. Over tid kan det føre til at det genetiske arvematerialet til små dyreplankton vil dominere i dette området.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Kristin Bøhle og Hilde Ervik.
Sist fagleg oppdatert 07.06.2020

Læringsressursar

Evolusjon