Hopp til innhald
Oppgåve

Oppsummeringsoppgåver – evolusjon

Desse oppgåvene tek deg gjennom hovudpunkta i emnet om evolusjon. Oppgåvene eignar seg godt til repetisjon og gir deg ein fin sjanse til å finne ut kva du har lært og forstått.

Oppgåve 1. Evolusjon og omgrep

Oppgåve 2. Sant eller usant?

Oppgåve 3. Fleirvalsoppgåver

Oppgåve 4

Forklar kvifor denne påstanden ikkje er riktig: «Apar har kome lenger i evolusjonsprosessen enn mus.»

Løysingsforslag

Påstanden legg til grunn at evolusjonen har eit mål, og at apar har hatt større framgang enn det mus har hatt. Både apar og mus har utvikla seg gjennom naturleg utval, og mus kan vere like godt (til og med betre!) tilpassa miljøet sitt enn det apar er. At vi gjerne oppfattar apar som meir intelligente enn mus, er ei anna sak.

Oppgåve 5

Ein bonde kastar ei handfull åkererter (Pisum arvense) utover eit jorde. Beskriv korleis naturleg utval kan gå føre seg i denne situasjonen.

Løysingsforslag

Dei erteplanteindivida som utnyttar ressursane i området best, kan utkonkurrere andre individ i kampen om ressursane. Dermed vil dei få moglegheita til å produsere frø, slik at eigenskapane som gav plantane ein fordel, blir førte vidare til neste generasjon. Genfrekvensane for dei fordelaktige eigenskapane vil auke og bli vanlegare i dei neste generasjonane.

Oppgåve 6

Ein fiskeart som lever i ein innsjø, utviklar seg over tid til to ulike fiskeartar. Hannane hos dei to fiskeartane har ulik farge, slik at hoene kjenner igjen og kan velje ein hann frå sin eigen art. Innsjøen dei bur i, blir utsett for overgjødsling, og sikta blir etter kvart så dårleg at det blir vanskeleg for hoene å sjå fargen på hannane.

Kva kan skje i denne situasjonen?

Løysingsforslag

Sidan det er vanskeleg for hoene å skilje hannane frå dei to ulike artane frå kvarandre, vil dei to artane sannsynlegvis begynne å gyte med kvarandre. Viss dei får levedyktig avkom, vil det ikkje vere forplantningsdyktig.

Kjelde

Fowler, S., Roush, R. og Wise, J. (2013). Concepts of Biology. OpenStax. https://openstax.org/details/books/concepts-biology