Analyser urinprøvar og still rett diagnose
Normal urin er lys, klar, lite konsentrert og har svakt lukt. Endringar i farge, lukt og konsistens kan gi ein indikasjon om ulike tilstandar som dehydrering, graviditet og plager i nyrene eller urinvegane. Ein urinprøve kan derfor vere nyttig i mange samanhengar.
Urinprøve og urinstix
Vi kan få nyttig informasjon om helsetilstanden berre ved å observere endringar i kva lukt, farge og konsistens urinen har. For å kunne stille ein sikrare diagnose blir det gjerne gjennomført ei kjemisk undersøking av urinen. Då dyppar vi ein papirstrimmel som er tilsett kjemiske stoff, urinstix, ned i urinen. Viss det til dømes er bakteriar, blod eller sukker i urinen, vil strimmelen skifte farge.
Oppgåve
I denne oppgåva skal du undersøke urinprøvar frå ulike pasientar og finne fram til rett diagnose.
Du har fått delt ut fire urinprøvar frå ulike pasientar A–D. Start med å gjere observasjonar av farge og konsistens. Bruk skjemaet nedanfor, eller eit liknande skjema, for å sortere resultata undervegs.
Skjema for registrering av resultat Prøve A
Prøve B
Prøve C
Prøve D
Farge Konsistens Resultat av urinstix Diagnose Grunngiving for diagnose Fagleg forklaring for diagnose For å kunne stille ein meir sikker diagnose må du gjennomføre ein urinstix for kvar prøve A–D. Ta ut éin teststrimmel og skru lokket på igjen.
Start med urinprøve A. Dypp ein papirstrimmel ned i urinprøven. Legg teststrimmelen på eit tørkepapir i eitt minutt. Les av teststrimmelen ved å samanlikne mot fargeskalaen som høyrer til teststrimlane.
Fyll inn resultata dine i tabellen.
Gjennomfør same prosedyre for dei andre urinprøvane B–D.
Kva er det som gjer urin veleigna til å stille diagnosar?
Finn ut kva sjukdommar som kan påvisast ved analyse av urinprøvar.
Studer resultata frå analysen du har gjennomført. Kva diagnosar kan vere aktuelle for dei ulike pasientane?
Urin inneheld vanlegvis ingen av dei stoffa du fekk utslag på då du testa med urinstix. Forklar kvifor dei ulike diagnosane fører til utskiljing av ulike stoff i urinen.
Er det nokon kontrollprøve i dette forsøket?
Det kan vere vanskeleg å stille ein diagnose berre basert på slike analysar som du har gjennomført no. I møte med pasientane vil du få innblikk i pasientane sine eigne forklaringar av ulike symptom. Dette kan gi nyttig informasjon som kan stadfeste eller avkrefte dei moglege diagnosane du har komme fram til.