Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Ope forsøk om svingetida til ein pendel

Eit ope forsøk krev blant anna at de skal lage hypotesar, velje metodar, drøfte feilkjelder og gjerne gjenta forsøket med ein forbetra metode.
Ei svingande kule heng i ei snor som er festa i taket. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva påverkar svingetida til ein pendel?

Føremål

Animasjon av kule som svingar.

Føremålet med dette forsøket er å finne ut kva som påverkar svingetida til ein pendel. De skal arbeide i grupper på 2 til 4 elevar og prøve dykk fram, diskutere og reflektere for å finne metodar som kan brukast til å finne svar på spørsmålet.

  • Svingetida blir målt for ei heil svinging, altså frå pendelen er i ei ytterstilling, til han er tilbake i same ytterstilling.
  • Snorlengda blir målt frå opphengingspunktet til midt i pendelkula.

Utstyr

Stativ med pendel. Foto.

De treng to typar lodd, snor, måleband eller linjal, stativ, gradskive, vekt og stoppeklokke.

  • Kvar gruppe må ha tilgang til to lodd med ulik masse. Lodda bør ha stor eigenvekt og ikkje vere store, for å unngå at luftmotstanden påverkar resultatet. Muttarar, blykuler og gummikork med hol kan eigne seg.
  • Snora må vere tynn, men ikkje elastisk.
  • Eit stativ kan brukast som oppheng for pendelen, men andre løysingar kan fungere like godt.
  • Klokke: Mobiltelefon med stoppeklokke-app fungerer godt.
  • Gradskive: Nokre grupper vil truleg nytte gradskive i løpet av eksperimentet.

Hypotese

Før eksperimentet startar, må gruppa lage ein hypotese (eventuelt fleire). Skriv ned kva faktorar de trur påverkar svingetida til ein pendel.

Framgangsmåte

Gruppa finn ein eigna plass til å hengje opp ein pendel, eller de kan velje å bruke stativ.

Når de skal bestemme dykk for ein metode, er det viktig at alle i gruppa kjem med forslag og grunngir argumenta sine slik at det blir ein fagleg diskusjon, og at den metoden gruppa vel, er gjennomtenkt.

Ta gjerne bilete for å dokumentere forsøket.

Innspel og tips undervegs i forsøket

  • Kva målbare faktorar (variablar) kan de endre i dette forsøket?
  • Er andre faktorar uendra (konstante) mens de endrar berre den eine?
  • Finst det nokre feilkjelder her?
  • Kan de gjere noko for å redusere menneskelege feil, som til dømes reaksjonstida hos eleven som styrer stoppeklokka?
    • Ta tida på ti svingingar, og del på ti.
    • Gjer fleire repetisjonar av kvar måling, og rekn ut gjennomsnittstida.
  • Korleis kan de setje opp resultata i ein oversynleg tabell slik at det blir lettare å samanlikne og tolke resultata?
  • Kan de framstille resultata som grafar?

Ei gruppe jobber med eksperiment. Foto.

Presenter metode og resultat gruppevis

Når de har jobba ei stund, og har resultat å vise til, skal de presentere metoden og resultata dykkar for resten av klassen. De skal påpeke moglege feilkjelder og vurdere om resultata er pålitelege.

Drøfting i klassen

I fellesskap med læraren drøftar de styrkane og svakheitene ved metodane de brukte i gruppene. Er resultata så pålitelege at de kan trekkje konklusjonar på bakgrunn av dei? Stemde hypotesane?

Retesting og etterprøving (vitskapleg arbeidsmetode)

Med utgangspunkt i dei erfaringene de har gjort i klassen, kan de gruppevis eller i fellesskap antakeleg gjenta eksperimentet med færre feilkjelder og med meir systematiske måleseriar der berre éin faktor blir endra om gongen. Vonleg får de meir eintydige resultat som gjer det enklare å konkludere.

  • Kan resultata underbyggje hypotesen som gruppene skreiv ned?
  • Kor godt passar resultata i klassen med eksisterande teoriar?

Les om pendel på wikipedia.org.

Journalføring – labrapport

Bruk rapportgeneratoren til å føre forsøket. Her får de rettleiing og tips for kvart punkt i rapporten. Hugs å lagre på eigen PC før du forlèt sida. Det Word-dokumentet du har lagra, kan redigerast vidare. Du kan til dømes setje inn punktlister, tabellar og bilete frå forsøket, som du har teke med mobilen.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 24.01.2019

Læringsressursar

Utforsking, risiko og rapport