Fagartikkel
Arbeid i laboratoriet
Naturvitskapen byggjer på eksperiment og observasjonar, så praktisk erfaring med arbeidsmåtar er ein sentral del av naturfaget. Eksperimenta gir næring til tanken og opnar for refleksjon. Dermed blir det lettare å byggje kunnskap og forståing både åleine og saman medelevar.
Dei praktiske erfaringane som du får gjennom forsøka i naturfagundervisninga, gjer naturfaget meir aktuelt, spennande og interessant. Nokon kjenner nysgjerrigheita krible når dei kjem inn i eit laboratorium, medan andre synest det er litt skummelt. Når du blir kjend med utstyret og veit korleis det skal behandlast, blir eksperimenta både tryggare, enklare og meir givande.
Arbeid i laboratoriet gir gode moglegheiter for å
- jobbe praktisk og utforskande
- løyse faglege utfordringar
- bruke teorien i praksis
- få opplevingar som skaper undring og refleksjon
- drøfte, reflektere og vurdere metodar, feilkjelder og hypotesar
Utdanningsdirektoratet. (2019). Kjerneelement. Henta frå https://www.udir.no/lk20/nat01-04/om-faget/kjerneelementer