Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Plast i helse- og omsorgstenestene

I helsevesenet er det eit høgt forbruk av plast og eingongsutstyr. Mykje medisinsk forbruksmateriell som hanskar, skoovertrekk og medisinbeger inneheld plast. Det gjer òg drikkebeger, sugerøyr og eingongsbestikk. Eingongsutstyr fører til mykje avfall og er derfor eit problem for miljøet.
Kvinneleg helsefagarbeidar tek på seg eingongshanskar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Som helsefagarbeidar er du ansvarleg for å ta miljøbevisste val i arbeidet ditt og reflektere over miljørelaterte problemstillingar.

Plast og eingongsutstyr

Bruk av plast og eingongsutstyr i helsevesenet har vore positivt for hygiene og smittevern, men også med omsyn til økonomi og effektivitet.

For miljøet derimot er ikkje eit høgt forbruk av eingongsutstyr berekraftig. Mykje av plastavfallet frå helse- og omsorgstenesta kan ikkje resirkulerast og hamnar derfor i restavfallet.

Alternativ til plast

I denne oppgåva skal du utforske bruk av plast på praksisstaden din eller ein annan tenestestad innan helse- og omsorgstenestene. Du skal kartleggje, berekne og reflektere over bruken av plast, og du skal foreslå miljøvennlege alternativ som vil fungere i praksis.

Skiftesett til eingongsbruk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåver

  1. Les innlegget frå sjukepleiarstudentane som kartla bruken av skoovertrekk i heimetenesta i Trondheim (lenkje nedst på sida).
  2. Vel eit plastprodukt det blir brukt mykje av på praksisstaden din. Gjer greie for fordelar og ulemper ved bruk av dette produktet når det gjeld

    1. hygiene
    2. pasienttryggleik
    3. økonomi
    4. miljø
    5. effektivitet (arbeidssparande for personalet)
    6. andre faktorar
  3. Planlegg korleis du kan registrere forbruket av dette produktet i løpet av eitt døgn og gjennomfør datainnsamling (Tips: Samle avfall gjennom eitt døgn og veg det for å finne mengda i kilo, eller tel produkt brukt i løpet av 24 timar.)
  4. Lag ei oversikt basert på funna og utrekningane dine over kor stort forbruket er i løpet av

    1. éi veke
    2. éin månad
    3. eitt år
  5. Kva for miljøvennlege alternativ finst det til produktet som du har kartlagt bruken av?
  6. Kva vil konsekvensane vere for punkta i oppgåve 2 viss de byter til eit meir miljøvennleg alternativ?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 18.09.2020

Læringsressursar

Utforsk teknologi og berekraft