Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Planlegg innføring av klasseromsrobotar

Du jobbar i IT-teamet på skulen. De har fått i oppdrag å planleggje bruken av klasseromsrobotar. Lag ein plan, og presenter han for leiinga ved skulen.
Robot som består av ein torso, står på pult med fargeblyantar og sakser i eit klasserom. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er ein klasseromsrobot?

Ein klasseromsrobot er ei innretning som overfører bilete og lyd mellom klasserommet og ein elev som ikkje er fysisk til stades på skulen. Ein slik robot kan fjernstyrast av eleven heimanfrå, slik at han eller ho kan delta aktivt i det som går føre seg i klasserommet og elles på skulen.

Oppdraget

Hei!

Sidan vi den siste tida har fått ei rekkje førespurnader om barn som er forhindra frå å møte på skulen på grunn av langvarig sjukdom, har leiinga ved skulen vedteke at vi skal greie ut moglegheita for innføring av klasseromsrobotar i enkelte klassar.

I samband med dette vil vi at det skal gjennomførast ei forundersøking som skal bidra til å kartleggje moglege fordelar og ulemper ved eit slikt tiltak. Vi ønskjer at undersøkinga skal belyse både tekniske, personvernmessige, miljømessige, økonomiske og andre relevante forhold. Vi ønskjer òg at de skal kome med ei tilråding om tiltaket bør gjennomførast eller ikkje.

Sidan vi har vedteke at skulen skal vere ein såkalla «berekraftsskule», er det fint om de kan knyte eventuelle tiltak til nokon av berekraftsmåla.

Vi ser fram til å få ein presentasjon av det de har funne ut, på møtet i utvida leiargruppe om 14 dagar.

Vedlagt er ei orientering frå Kunnskapsdepartementet om gjeldande regelverk. Viss det er noko som er uklart, er det fint om de tek kontakt med faglærar i informasjonsteknologi og medieproduksjon eller naturfag.

Helsing rektor

Finn ut meir om klasseromsrobotar

Diskuter i klassen

  • Kva veit de om klasseromsrobotar frå før?
  • Kva må de finne ut meir om for å kunne løyse oppdraget?

Under har vi lagt inn nokre relevante kjelder som de kan bruke.

Lag ein presentasjon for leiinga

Presentasjonen bør innehalde følgjande:

  • Ei oversikt over positive og negative sider ved klasseromsrobotar for kvart av desse områda:
    • teknologi
    • personvern
    • miljø
    • økonomi
  • Forklaring av korleis tiltaket heng saman med minst eitt av berekraftsmåla.
  • Konklusjon med oppsummering og tilråding om korleis tiltaket kan gjennomførast. Tilrådinga må vere innanfor det regelverket som gjeld for både personvern og opplæring. Ho må dessutan ta utgangspunkt i kva som er realistisk for ein skule, med tanke på tal elevar, økonomi og infrastruktur.

Det er mange saker som skal takast opp på dette møtet, så de kan ikkje bruke meir enn 20 minutt på presentasjonen dykkar.

Gjennomfør presentasjonen som eit rollespel

Lat nokre elevar i klassen spele dei ulike rollene i «utvida leiargruppe» medan de held presentasjonen. Deltakarane i den utvida leiargruppa førebur på førehand spørsmål dei vil stille i løpet av presentasjonen.

Dei som ikkje får ei rolle, kan følgje med og gi ei vurdering av presentasjonen i etterkant.

Vurdering

Når de skal vurdere ein presentasjon, kan de bruke skjemaet som ligg som vedlegg. Tilpass det gjerne til bruken dykkar.

Filer

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 12.10.2020

Læringsressursar

Utforsk teknologi og berekraft